Dugnad på Nipebu

IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke var ein av dei åtte som gjorde Nipebu klar for sesongen.
IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke var ein av dei åtte som gjorde Nipebu klar for sesongen. Foto: Kjell Kleiven.

Den årlege dugnaden vart gjennomført denne helga, åtte personar var med på å gjere hytta klar for ein ny sommarsesong.

Helikopter var på plass som avtalt, ved, proviant, gass og mykje anna fôr luftvegen frå Markavatnet, fredag kveld. Allereie torsdag kveld var dei første på plass på hytta, dei var i gang tidleg fredag morgon med å lage til det som skulle fykast i retur.

Hytta vart vaska og skura frå golv til tak, alle sengeklea vart skifta, nokre av dei gamle hovudputene vart skifta ut med nye. Dei gamle og etter kvart velbrukte gardinene er no skifta ut med nye tidsriktige, og matsjande fargar.

Proviantlageret er rydda og oppfylt med nye varer, også ein del glutenfrie varer er no tilgjengeleg.

Snurredoen vart tømd og reingjort, her var det også behov for ei dreneringsgrøft, denne er oppgreven, og røyr vil bli lagt ned ved ein seinare anledning.

Fôringar og lister på glaset i uthuset er på plass.

Etter to dagar med rydding, vasking, og elles mykje forefallande arbeid, framstår hytta som rein og triveleg, og klar til å motta nye og gamle gjestar.

Hyttestyret takkar alle som var med for to kjekke dagar på Nipebu.

Ref. Kjell Kleiven.

Ei last blir gjort klar til å bli frakta inn til hytta.
Ei last blir gjort klar til å bli frakta inn til hytta. Foto: Kjell Kleiven.
Graving av dreneringsgrøft.
Graving av dreneringsgrøft. Foto: Kjell Kleiven.
Helikopter sparer oss for mykje slit.
Helikopter sparer oss for mykje slit. Foto: Kjell Kleiven.
Vêret var ikkje ideelt, men sette ikkje stoppar for dugnadsarbeidet på Nipebu.
Vêret var ikkje ideelt, men sette ikkje stoppar for dugnadsarbeidet på Nipebu. Foto: Kjell Kleiven.