Tur til Porten blir avlyst

Turen til Porten i Hyllestad som var sett opp laurdag 22. juni blir avlyst.

Årsaka er dei dårlege vêrmeldingane, seier turleiar Anita Rennestraum. Ho seier at turen blir avlyst i denne omgang. Dersom det blir aktuelt å sette opp turen seinare i sommar, kjem det informasjon om det på heimesida til IST.