Flott sjufjellstur i Naustdal

Heile turfølgjet samla.
Heile turfølgjet samla. Foto: Jan N. Erdal

Då det til slutt lukkast å finne ein dag med bra vêrutsikter vart det ein svært vellukka sjufjellstur i Naustdal.

Turen skulle eigentleg ha gått den 30. mai, men turleiarane Henning Malones og Gunnar Naustdal såg at det langt frå vart ideelle tilhøve for ein slik tur den dagen. Dermed vart turen flytt til søndag 9. juni. Men igjen varsla yr.no dårleg vêr. Derimot såg det skapeleg ut laurdag 8. juni, og dermed vart det ny dato. 

Det var eit godt val, iallfall for første delen av turen, som starta i sol og varme i første oppstigninga til Vindkjegla. Og vêret heldt seg rimeleg bra til turfølgjet kom til Blåfjellet, der det var fint utsyn ut mot havet. Då kom det skyer med regn i.

Heile turen på 26 kilometer tok ni timar og eit kvarter.

- Ein fantastisk flott tur som må bli ein klassikar etter tilbakemeldingane eg fekk, seier Henning Malones.

Første etappe opp mot Vindkjegla, med fint utsyn over Naustdal.
Første etappe opp mot Vindkjegla, med fint utsyn over Naustdal. Foto: Jan N. Erdal.
Stans ved dagsturhytta ved Steinkorsen.
Stans ved dagsturhytta ved Steinkorsen. Foto: Jan N. Erdal.
Utsyn mot havet frå Bygdehaugen.
Utsyn mot havet frå Bygdehaugen. Foto: Jan N. Erdal.
På siste delen av turen måtte regnkleda opp av sekken.
På siste delen av turen måtte regnkleda opp av sekken. Foto: Jan N. Erdal.