LONGEVASSHYTTA ER TILGJENGELEG

Longevasshytta fredag 24. mai 2019.
Longevasshytta fredag 24. mai 2019. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.

IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke tok fredag turen til Longevasshytta, årets første til fots.

- Det er rimeleg greit å gå frå Legestølen til Longevasshytta, sjølv om det framleis ligg ein god del snø att  langs Stegsvatnet, seier han etter turen.

- Snøen var ikkje så hard og isete som eg hadde trudd. Eg reknar  med at snøen vil bli litt hardare og meir isete framover våren. Men det  vil nok og bli lengre strekningar som er smelta.  På den utsette strekninga under Steget i  nordvestenden av Stegsvatnet er det i år lite snø. Men her må ein vere svært observant på at det renn vatn under snøen. Dette  fører til  at det kan oppstå svake snøbruer. Det kan bli fleire meter  opning under snøen.  Vidare innover på vestsida av Kupevatne er det framleis fast snø, til ein kjem så langt at ein kan sjå hytta langt i det fjerne.

Vidare på høgda over Vassvendevatnet er det tøya og lett å gå.

Viss du har tenkt deg ein tur, kan  det vere lurt å ta med stavar og broddar. Det kan og vere ein ekstra tryggleik i å gå fleire i følgje. Ha med litt tau viss uhellet skulle vere ute, og ein skulle trakke gjennom ei snøbru.

Det har hendt at det nesten ikkje har vore mogeleg å gå på ein sikker måte langs Stegsvatnet før etter jonsok. Men i år er det råd å gå den kortaste turen til Longevasshytta også  no tidleg på sommaren.

Det er sikkert ikkje så lenge til det er isfritt på vatna i området rundt  hytta. Vi har naust med båt i  ved inste Longevatnet. Vatnet inn i hytta er ikkje tilkopla enno. Ein kan hente vatn i elva nedanfor hytta.Ikkje  ta vatn til matlaging  og drikke rett ved hytta, seier Kjell Arne etter turen fredag 24. mai.

Utsyn mot Legestølen og Årdalen frå oppstigninga mot Stegsvatnet.
Utsyn mot Legestølen og Årdalen frå oppstigninga mot Stegsvatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Framleis is på Stegsvatnet.
Framleis is på Stegsvatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Rimeleg greitt å ta seg fram langs Stegsvatnet.
Rimeleg greitt å ta seg fram langs Stegsvatnet. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.
Nokre snøbruer må forserast.
Nokre snøbruer må forserast. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.