Fin onsdagstur til Finneskotet

Turfølgjet har funne fram til Finneskotet i skodda.
Turfølgjet har funne fram til Finneskotet i skodda. Foto: Atle Holsen.

Vêret spelte ikkje heilt på lag då onsdagsturen den 22. mai gjekk til stølen Finneskotet  i Holsen.

Yr.no heldt ord og gav litt yr og mykje skodde på onsdagsturen til Finneskotet, men "aldri så gale at det ikkje er godt for noko", seier turleiar Atle Holsen.

- Med lite behov for å nyte og fotografere utsikten hadde vi god tid til prat og informasjon undervegs; - lokale stadnamn, segna om opphavet til namnet Finneskotet (sjå Opptur Indre Sunnfjord), taubana i området, driftevegen mellom Nordfjord og Sogn over Finneskotet, og rasulukka i Holsen i 1847.

Tempoet var moderat, og dei fire turentusiastane frå Førde lytta og spurde ivrig både opp og ned på den greie og merka stølsstien som slynga seg opp den bratte lia. På stølsvollen ca 700 moh. venta (som venta) huseigar/grunneigar/taubaneeigar og historiekjennar Leif Nydal, som informerte engasjert om mangt og mykje om stølen, og vi fekk sjå inn i «Larsbu», flott restaurert steinsel.

Nysgjerrige alpakkaer på Fleten var også ein del av innslaget både opp og ned, men vi heldt oss litt på avstand i tilfelle dei ville spytte på oss. Litt småvåte etter 3,5 timar var alle samde om at det hadde vore ein fin tur, og Frida ville tilbake ein skoddefri utsiktsdag. 

Leif Nydal (t.v.) var på plass for å fortelje om stølshistoria på Finneskotet.
Leif Nydal (t.v.) var på plass for å fortelje om stølshistoria på Finneskotet. Foto: Atle Holsen.
Fire frå Førde trassa vêret og tok turen til Finneskotet.
Fire frå Førde trassa vêret og tok turen til Finneskotet. Foto: Atle Holsen.
På veg inn på Larsbu.
På veg inn på Larsbu. Foto: Atle Holsen.
Inne på Larsbu fortalde Leif Nydal meir om livet på stølen.
Inne på Larsbu fortalde Leif Nydal meir om livet på stølen. Foto: Atle Holsen.