Dugnad på Gytta

Kjell Befring bar bøttevis med jord som måtte vekk for å gi plass til plattning på baksida av hytta.
Kjell Befring bar bøttevis med jord som måtte vekk for å gi plass til plattning på baksida av hytta. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Tysdag ettermiddag og kveld var det kalla inn til dugnad på dagsturhytta Gytta i Førde.

I alt ti karar var med på arbeidet. Målet var å gjere det klart for bygging av plattning på dei to sidene av hytta der dette manglar. I tillegg skulle dei lage til ein bålplass.

Det første som måtte gjerast var å flytte tømmerstokkane som låg framfor hytta for å kome til med å grave hol til støyping av fundament til plattningen. Nokre av stokkane vart brukte til å omkranse bålplassen. På  fjellsida av hytta måtte det gravast vekk masse for å gi plass til plattningen. Denne jobben var det Kjell Befring og Kjell Arvid Stølen som fekk ansvaret for.

Ei stor helle som låg opptil fjellveggen høver godt som underlag på bålplassen, men den er av ein slik dimensjon at det var uråd å rikke den med rein handemakt. Men Oddvar Huseklepp hadde med seg ei talje som gjorde susen. 

Hallvard Sunde og Agnar Åsnes grov hol til fundamenta, medan Nils Olav Kongsvik handterte motorsaga.

Dugnadsgjengen tok seg fem minutt etter tre timars innsats. Frå venstre Oddvar Huseklepp, Trond Ueland, Nils Olav Kongsvik, Hallvard Sunde, Kjell Befring, Agnar Åsnes og Per Grodås.
Dugnadsgjengen tok seg fem minutt etter tre timars innsats. Frå venstre Oddvar Huseklepp, Trond Ueland, Nils Olav Kongsvik, Hallvard Sunde, Kjell Befring, Agnar Åsnes og Per Grodås. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Nils Olav Kongsvik tek mål av ein av stokkane som skal vere rundt bålplassen.
Nils Olav Kongsvik tek mål av ein av stokkane som skal vere rundt bålplassen. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Ei stor steinhelle skal vere underlag på bålplassen. Oddvar Huseklepp fekk den eit stykke på veg med hjelp av talje.
Ei stor steinhelle skal vere underlag på bålplassen. Oddvar Huseklepp fekk den eit stykke på veg med hjelp av talje. Foto: Kjell Arvid Stølen.
Gytta før dugnadsarbeidet tok til. Tømmerstokkane framfor hytta vart flytta ned mot bålplassen for å gi plass til fundament for plattningen, som skal gå rundt heile hytta.
Gytta før dugnadsarbeidet tok til. Tømmerstokkane framfor hytta vart flytta ned mot bålplassen for å gi plass til fundament for plattningen, som skal gå rundt heile hytta. Foto: Kjell Arvid Stølen.