Kjekt med opptur

Klatring var ein av aktivitetane i Førde.  Dette var det IST Ung-gruppa som tok seg av og stilte opp og hjelpte til.
Klatring var ein av aktivitetane i Førde. Dette var det IST Ung-gruppa som tok seg av og stilte opp og hjelpte til. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke.

I kjøleg, men elles ok turvêr fekk 8. klassingane i Førde og Askvoll ein smak på turlivet på sjølve frigjeringsdagen.

I Førde gjekk turen til Hornnesstølen med IST-leiar Kjell Arne Hjellbrekke som guide. Dei fekk mellom anna prøve seg på klatring med hjelp av medlemmer frå IST Ung.

8.klasse ved Askvoll- og Gjelsvik ungdomsskule la i veg mot Blåfjellet 533 moh. Vêret var ikkje ideelt, sol, overskya, kaldt, regn og snø - men heldigvis ikkje regn. Nedturen gjekk via Eggene og Bjørndalen, fortel turleiar Vigdis Flaten Kvamme.

  • OPPTUR er ein nasjonal turdag for norske åttendeklassingar, arrangert av medlemsforeiningane til Den Norske Turistforening.
  • OPPTUR blir arrangert for 14. gong i 2019.  
  • Indre Sunnfjord Turlag skal og vere med på å arangere og støtte  fleire oppturarrangement i løpet av mai.
  • Ca  30.000 ungdommar deltok  på OPPTUR i 2018,  dette er over halvparten av landets 8. klassingar.
Flagget var med på turen på frigjeringsdagen.
Flagget var med på turen på frigjeringsdagen. Foto: Vigdis Flaten Kvamme.
På stølsvollen på Hornnesstølen.
På stølsvollen på Hornnesstølen. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke.
Nokre av elevane frå Førde tok ein liten ekstratur i staden for å sitte og fryse på stølen.
Nokre av elevane frå Førde tok ein liten ekstratur i staden for å sitte og fryse på stølen. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke.
Obligatorisk gruppefoto for elevane frå Askvoll og Gjelsvik på toppen av Blåfjellet.
Obligatorisk gruppefoto for elevane frå Askvoll og Gjelsvik på toppen av Blåfjellet. Foto: Vigdis Flaten Kvamme.
Gruppefoto på Hornnesstølen.
Gruppefoto på Hornnesstølen. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke.
Temperaturen var så som så på toppen av Blåfjellet i Askvoll.
Temperaturen var så som så på toppen av Blåfjellet i Askvoll. Foto: Vigdis Flaten Kvamme.