Referat frå styremøte 26.3.19

Foto: Kjell Arvid Stølen.

REFERAT frå styremøte i Indre Sunnfjord Turlag tysdag 26. mars 2019 i lokala til Sogn og Fjordane Turlag.

Til stades: Kjell-Arne Hjellbrekke, Vigdis Flaten Kvamme, Jorunn Vågen og Roger Hopland.

Referent: Kjell Arvid Stølen.

Referatsaker:

* Kjell-Arne gjorde greie for status for Opptur 2019. Semje om at vi skal vere fleksible når det gjeld dato for avvikling.

* 50-årsmarkering. Ingvald Os og Agnar Åsnes har sagt seg viljuge til å vere med i jubileumsnemnd.

* Turlaga og Vestland fylke. Kjell-Arne skal sjekke med Ronny Iden om utviklinga.

* Førstehjelpskurs. Røde Kors kan avvikle eit tretimars kurs tysdag 9. april. Kjell Arvid skal legge ut invitasjon på heimesida til IST, primært retta mot turleiarar.

Sak 16: Leige av lagerlokale saman med Sogn og Fjordane Turlag.

Styret vedtok å bli med på spleiselaget. Det er antyda ei leige på 8000-10000 kroner i året. Det var semje om at IST bør ta atterhald om at det ikkje blir hyppig og uforholdsmessig auke i denne leiga.

Sak 17: Opning av ny hytte på Tungestølen.

Styret vedtok å gi eit tilskot på 25.000 kroner til den nye hytta som skal opnast på Tungestølen 6. september. Summen skal takast frå diverseposten i budsjettet.

Sak 18: Førdefestivalen, val av arenaansvarlege.

Kjell-Arne Hjellbrekke blir arenaansvarleg på Halbrendsstølen, Ronny Iden blir beden om å bli arenaansvarleg på Hafstadfjellet.

Drøftingssaker:

* Onsdagsturane: Lydia Nesje får ansvaret for desse.

* Bruk av Stripe. Det vart kommentert at Stripe tek ein viss prosent av pengane når folk melder seg på, men det var semje om å avvente kva som skal gjerast, om vi skal droppe Stripe eller ikkje.

* Annonsering av turar/aktivitetar: Kjell-Arne stilte spørsmål om vi er blitt vel sparsame når det gjeld å annonsere for turane i Firda. Semje om at turleiarane for iallfall dei mest tradisjonsrike turane sender inn tekst og bilete til spalta Det skjer i avisa.

* Turmagasinet. Vi bør få inn omtale av turen Angedalen-Longevasshytta-Sandane i Turmagasinet.

* Kjell-Arne har fått e-post frå ei ung jente som gjerne vil engasjere seg i DNT Ung. Sogn og Fjordane Turlag syter for at ho får tildelt oppgåver.