Referat frå styremøte 26.2.19

Kjell Arne Hjellbrekke, leiar i Indre Sunnfjord Turlag.
Kjell Arne Hjellbrekke, leiar i Indre Sunnfjord Turlag.

Referat  frå styremøte i Indre Sunnfjord Turlag tysdag 26. februar 2019 kl. 17.00. 

Stad: Kontoret til Sogn og Fjordane Turlag. 

Til stades: Kjell Arne Hjellbrekke, Vigdis Flaten Kvamme, Jorunn Vågen, Ronny Iden, Anita Rennestraum, Berit Berger-Nilsen og Roger Hopland.  

Referent: Kjell Arvid Stølen. 


Sak 12: Økonomi.  

Ronny Iden orienterte om stoda. Ein vesentleg del av medlemspengane har kome inn på konto, i tillegg til refusjon på 50.000 kroner,  pluss tilskot frå Askvoll kommune. 

Sak 13.Opptur.  

Årets Opptur skal arrangerast 8. mai. Det var semje om at IST også i år skal vere med på arrangementet, men at det i år må vere turar i nærområdet til skulane. Kjell Arne Hjellbrekke vil ta seg av skulane i Førde, Vigdis Flaten Kvamme i Askvoll. Det blir teke kontakt med Veronica Myklebust i Fjaler, Lydia Nesje i Jølster, Torill Hukset i Naustdal og Linda Sunde Karlsen i Gaular om å vere IST sin representant i sine respektive kommunar. 

Sak 14. IST sitt 50-årsjubileum i 2021.  

Det vart vedteke å oppnemne ei jubileumsnemnd  som skal kome med framlegg til markering av jubileet i 2021. Det bør lagast eit hefte eller liknande som fortel om historia til laget. Styret ynskjer også å ha ei markering som syner aktivitetane til laget. 

Sak 15. DNT i nye Vestland fylke. 

Indre Sunnfjord Turlag er bede om å oppnemne ein representant til ei nemnd som skal kome med synspunkt på korleis DNT skal organiserast når Sogn og Fjordane og Hordaland blir slegne saman til Vestland fylke. Ronny Iden vart beden om å representere IST. Han vil vurdere om han kan ta dette på seg. 

Informasjons- og drøftingssaker: 

  • Ny klatrehall. Asle Veien informerte om planar om å byggje ny klatrehall på Øyrane til 24 mill kr. I dagens hall på Vie er det kort opningstid, og det manglar buldrehall. Men det er litt uvisst om det er plass på Øyrane, Førde Arena ved Førdehuset er difor ei alternativ plassering. Veien sa at det er viktig for Våtedalen Tindeklubb å vite om dei har velsigning frå styret i IST til å arbeide vidare med planane. Det fekk han. 

  • Utstyrskasse ved klatreveggen på Vie. Asle Veien orienterte om at det er misnøye blant IST-medlemmer med at det tidfvis manglar utstyr når dei treng det. Årsaka er at kassen blir låst opp av medlemmer, men så forsyner ikkjemedlemmer seg av utstyret når kassen ikkje blir låst igjen. Veien skal gjere eit forsøk på å få orden på saka. Det skal skrivast ei presisering på nettsida og fb-sida til IST om reglane. Blir det framleis problem, kan kassen med utstyret bli fjerna frå Vie. 

  • Førstehjelpskurs. Styret seier ja til eit tilbod frå Røde Kors om å halde førstehjelpskurs for turleiarar. 

  • Leige av klatreveggen på Vie. Det skal søkast om tilskot frå Sunnfjord kommune til aktivitetar for unge. 

  • Stikonferanse i Bergen. Asle Holsen har ikkje høve til å reise. Knut Børge Skurtveit blir beden om å representere IST. 

  • Langruter i Sunnfjord. Ronny Iden vil ta kontakt med Øyvind Helleseth for å få oppdatert status. 

  • For dyre aktivitetar. Kjell Arne Hjellbrekke fortalde om ein forelder som meiner aktivitetane og overnattingane til laget er for dyre for barnefamiliar. Styret meiner IST har svært rimelege prisar samanlikna med andre lag. 

  • Nye Tungestølen turisthytte. Kjell Arne Hjellbrekke skal delta på opninga til hausten. Styret er positiv til å yte ein mindre sum til hytta. 

  • Møte med Voss Utferdslag. Kjell Arne Hjellbrekke refererte frå tur han og Kjell Arvid Stølen hadde til Voss fredag 16.2. 

  • Landsmøtet i DNT. Kjell Arne Hjellbrekke og Vigdis Flaten Kvamme skal representere IST på landsmøtet i Svolvær. 

  • Kleskolleksjon DNT. Vigdis Flaten Kvamme orienterte om bestillings- og betalingsprosedyre for innkjøp av DNT-kle. 

Neste styremøte blir tysdag 26. mars.