Over til fjellsko

Anders Fossedal til topps på Viefjellet.
Anders Fossedal til topps på Viefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen

Mildvêret tærer hardt på snøen , og då er det ein del som tenker at vi like godt kan gå over til fottursesongen.

Det har kome lite snø i høgda i vinter, og når det er varmegrader høgt til fjells, blir det ikkje mykje att å gå på ski på. Sjølv fann eg ut at det var tid for årets første tur på Viefjellet. Det var stort sett berr sti opp til Lisjefjellet, derifrå var det snø, men såpass fast at han bar. I tillegg kunne eg fylgje ferske spor.

Då eg kom til topps, viste det seg at det av Anders Fossedal og hunden hans som hadde laga spora.

- Eg hadde eigentleg berre tenkt meg ein tur opp til dagsturhytta Gyttakvia, men så fann eg ut at eg ville prøve å gå heilt til topps, seier Anders, som tok turen utan broddar på skoa.

- Dermed vart det første turen min på Viefjellet på to år.

Han og hunden tok same vegen nedatt, medan eg sette kursen mot Soleide. I snøen øvste delen var det ikkje spor etter menneske, derimot etter rev, hare og rype. Lenger nede var det eit par nye vindfall, elles var det fint å gå.

PS. Det bør vel nemnast at fottursesongen har vart lenge i området mellom Vieåsen og dagsturhytta Gyttakvia. Sidan hytta vart opna i desember har det vore folk der så godt som kvar dag, i helgane har det vore reine valfarten. Det har bokstaveleg talt sett sine spor på stien opp til hytta. Men no er det planar om å engasjere meir eller mindre spreke pensjonistar til å ta eit tak for å utbetre stien.




Framleis litt snø på toppen av Viefjellet.
Framleis litt snø på toppen av Viefjellet. Foto: Kjell Arvid Stølen.