Kom deg ut-dag 


Kom deg ut - dag med DNT. Dette er Norge sin nasjonale turdag, med arrangement over heile landet.

NAUSTDAL

No er det nok snø, og det er meldt kalde grader. Vi inviterer til Kom deg ut dag i

Instedalen skianlegg - søndag 7.februar! Tid: kl.12.00 - 15.00

Parkering: Parkeringsplassen ved skianlegget. Fri parkering.

Turleiarar: Åsmund Berthelsen og Edith Holme Smådal

Tlf: 93 23 70 73/ 95753813

Ta med ski/akebrett, mat, drikke og varme kle for ein god ute-dag! Også mogleg å få

låne ski og akebrett.

Vi byr på pølse, varm saft og bålkaffi!

Arrangør: Barnas Turlag i samarbeid med Instedalen skianlegg

For å vere med på tur er det berre å møte fram, det er inga påmelding. Har de spørsmål, ta kontakt med turleiar. Alle born skal ha følgje med vaksne.  Ta med mat og drikke, og kanskje litt ekstra kle. Det er ikkje krav om å vere medlem av turlaget.

For meir info sjå Barnas Turlag Naustdal på Facebook


Vi har smitteregime med antiback og oppmoding om avstand.

Vi grillar pølsene på bålpanne/ grue, og deler ut pølser, saft og bålkaffi.

Vi skriv opp namn og tlf på ein frå kvar familie som møter.

Sjå meir info på Facebook Barnsa Turlag Naustdal


​​​​​​​---------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

FJALER

Grunna situasjonen vi er i no, har vi laga i stand eit alternativt opplegg. Vi har ulike stasjonar som inviterar til mykje fin vinterleik. 🙂

1. Norddalen

2. Steia

3. Skøyteisen på Bjerga

4. Bekkedalen

5. Skytebana i Flekke ved ungdomshuset 

Vi håpar så mange som mogleg tek turen til minst ein av desse stadane i løpet av helga. På kvar stasjon finn de ein plansje der det står litt om området. Ta gjerne eit bilete frå turen og post på Instagram med emneknagg #komdegutdagen2021 og #barnasturlagfjaler, eventuelt post på denne sida om de ikkje har Instagram. Det vert trekt tre vinnarar av dei som postar bilete som vil få ein premie frå Barnas Turlag. Du vel sjølv korleis biletet skal vere. Maskoten vår "Turbo" håpar å sjå mange flotte vinterbilder til helga.

Sjå meir info på Facebook Barnsa Turlag Fjaler