Årets første IST-tur

Turfølgjet mot toppen på Kruna.
Turfølgjet mot toppen på Kruna. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke

Søndag 20. januar var 19 med på årets første tur i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Turen gjekk til fjellet Kruna.

Kruna (1064 moh)  ligg mellom Angedalen og Naustdal, og turen dit gjekk frå Angedalen via Tjønnelandsdalen.

- Det var fint vintervêr og godt skiføre, med unnatak av at vi måtte brøyte oss fram i snøen i starten innover Tjønnelandsdalen, fortel turleiar Kjell-Arne Hjellbrekke.

- Oppover derifrå var det meir avblåst og litt hardare underlag. Det er ikke så mykje snø i vårt område så langt i vinter, så det stikk opp litt stein her og der, så vi måtte vere litt observante når vi rende nedover.

- Då vi nærma oss toppen kom sola også fram. Sidan det var god sikt og oversiktleg terreng, fekk  turdeltakarane etter ein liten pause renne nedover i eige  tenpo. Alle 19 som hadde valt å bruke denne flotte vintersøndagen til turlagstur kom seg godt og trygt heim.



På veg opp frå Tjønnelandsstølen.
På veg opp frå Tjønnelandsstølen. Foto: Kjell-Arne Hjellbrekke