Den harde kjernen til topps

IST-leiar Kjell-Arne Hjellbrekke var ein av få som tok turen til Hafstadfjellet på nyttårsafta.
IST-leiar Kjell-Arne Hjellbrekke var ein av få som tok turen til Hafstadfjellet på nyttårsafta. Foto: Ronny Iden

Meteorologane snakka om opp mot 70 millimeter nedbør i Førde på nyttårsafta. Det gjorde at få let seg freiste til å bli med på den årvisse turen opp på Hafstadfjellet.

- Med slike meldingar venta vi ikkje at det var så mange som ville bli med oss til topps for å tenne bål. Skulle vi berre ha høyrt på vermeldingane så burde kanskje ingen ha lagt i veg til toppen,  seier leiar Kjell-Arne Hjellbrekke i Indre Sunnfjord Turlag.

Men det møtte iallfall ein familie på fire på parkeringsplassen på Bruland klokka 13, i tillegg til turleiarane. Det vart fort avgjort at det ikkje hadde noko for seg å bere med seg ved, for å tenne opp bål ville ha blitt ei stor utfordring i det våte veret.

Turen vart avlyst som turlagstur, men dei oppmøtte og turleiarane valde likevel å gå ein rask tur opp til sendaren og nedatt. Og det viste seg at dei ikkje var heilt åleine om å ha Hafstadfjellet som turmål på nyttårsafta. - Vi møtte ein del andre som har som tradisjon å gå på Hafstadfjellet på den siste dagen i året, fortel Hjellbrekke.