Vinnarar i TiTur Indre Sunnfjord

Tre av vinnarane i årets TiTur Indre Sunnfjord fekk overrekt gåvekorta på årsmøtet: Liv Karin Stokkeland (t.v.), William Boge og Jenny Hafstad Ottesen.
Tre av vinnarane i årets TiTur Indre Sunnfjord fekk overrekt gåvekorta på årsmøtet: Liv Karin Stokkeland (t.v.), William Boge og Jenny Hafstad Ottesen. Foto: Roy Raasholm Fauske

Sjå kven som fekk gåvekort i TiTur Indre Sunnfjord.

Årets TiTur-sesong er over forlengst. Blant 85 innleverte turkort trekte vi fire heldige vinnarar som fekk kvar sitt gåvekort på 1000 kroner hos Din Sport i Førde (Amfi). Tre av dei heldige vinnarane fekk overrekt gåvekorta på årsmøtet til Indre Sunnfjord Turlag onsdag 21. november. Dei tre var Jenny Hafstad Ottesen, William Boge og Liv Karin Stokkeland, alle frå Førde. I tillegg vanka det gåvekort også på Terje Halland frå Skei, men han hadde ikkje høve til å vere med på møtet.

Stokkeland vart trekt ut blant dei som hadde tagga oss på Instagram. Vi har nemleg gått gjennom bileta som var publiserte på   #istitur18, der vi altså trekte ut den ivrige fjellgåaren frå Førde sitt bilete. Ho hadde også skrive ein fin tekst til biletet: "Jeg hører en sang fra fjellet, fra tinder og våte myr som lokker meg opp fra bygda til fjellheimens eventyr."

Vi gratulerer alle og ønskjer velkomen til ny TiTur i indre Sunnfjord i 2019.

Foto: Liv Karin Stokkeland