Vinnarar i TiTur Dalsfjorden

Frå venstre Malene Westengen Helle, Nikolai Helle og Eilin Helle som tok imot fotoprisen saman med mora. Vidare ser vi Josef Nokolai Hellesøy og Karen Marie Hellesøy, som begge vann kvar sitt gåvekort kort på 1000 kroner, som dei delte med systra Ingebjørg Hellesøy . Det fjerde gåvekortet gjekk til May Britt Ness.

Sjekk her kven som fekk gåvekorta.

Premieringa av Dalsfjorden 2018 vart gjennomført laurdag 10. november 2018. Vi trekte tre gåvekort på 1000 kroner. Desse trekte vi blant alle dei som hadde gjennomført oppdraget – 10 turar for vaksne, nokon færre for yngre born.

Det fyrte gåvekortet vart trekt blant dei som var under 18 år og vinnar av dette vart: Josef Nikolai Hellesøy, 8 år.

To andre gåvekort vart trekt blant alle som hadde gjennomført og vinnarar her vart: May Britt Ness og Karen Marie Hellesøy.

Vi gjekk også gjennom innsendte bilete som var lagt ut på Instagram på  #titurdalsfjorden18. Malene Westengen Helle hadde teke vinnarbiletet, som du ser under.

Foto: Malene Westengen Helle