Velkomen på årsmøte

Foto: Vegard Fagerli

Må ein til Grønland eller Sørpolen for å kjenne susen av ekspedisjon? Eller er det nok å ta med  kanoen på Ålfotbreen? Svaret får du på årsmøtet.

Onsdag 21. november klokka 19.00 held Indre Sunnfjord Turlag årsmøte på Førde Gjestehus og Camping på Kronborg i Førde.

Program:

Opning v/leiar Kjell Arne Hjellbrekke

Utdeling av premiar TiTur Indre Sunnfjord v/Roy Raasholm Fauske

Informasjon frå nytilsett prosjektleiar for born og unge i Sogn og Fjordane Turlag, Jette Bergfjord

Informasjon om langtur Sunnfjord - frå hav til bre v/Øyvind Hellenes

Kort pause med enkel servering

Ca klokka 19.30: ÅRSMØTE

Vanlege årsmøtesaker. Ingen innkome saker. Her kan du lese årsmeldinga for 2018.

Ca klokka 20.30: "Rein galskap" i Ålfoten v/Arve Sandal. 

Gjennom bilete og forteljing tek Sandal oss med på ein spennande ekspedisjon med kano gjennom Ålfoten landskapsvernområde.