Har du forslag til turar i 2019?

Kjøsnesfjorden i Jølster i juni 2018.
Kjøsnesfjorden i Jølster i juni 2018. Foto: Tomasz Furmanek

Då vil vi gjerne høyre frå deg.

Styret har alt starta arbeidet med å setje opp eit turprogram for 2019. Tysdag 25. september hadde vi ein vellukka turprogramkveld der det kom mange gode forslag til spennande turar. Hadde du ikkje høve til å vere med der, kan du framleis sende oss ditt forslag. 

Vi ønskjer flest mogeleg innspel frå medlemmane våre. Korte og lange turar. Krevjande og lette turar. Turar som passar alle. Fotturar, skiturar, trugeturar, klatring, brevandring, padling, hytte til hytte-tur. Berre fantasien set grenser. Du må gjerne føreslå turar også utanfor Sunnfjord. Vi vert glade for alle turforslag. Du kan anten gå inn på Facebook-sida vår og skrive inn forslaget ditt der eller du kan ta kontakt på: mailto:indresunnfjord@dnt.no

Siste frist for enkelt-medlemmer å sende inn forslag er måndag 8. oktober.