Flott dag for små og store

Frå Sanden i Naustdal.
Frå Sanden i Naustdal.

Her kan du sjå biletserie frå Kom deg ut-arrangementa våre sist helg.

Barnas Turlag inviterte til aktivitetsdag i Naustdal, Askvoll, Gaular og på Værlandet/Bulandet. Her er turleiarane sine eigne rapportar og bilete frå arrangementa på lørdag og søndag:

ASKVOLL LØRAG 1. SEPTEMBER: 28 born og 28 vaksne tok i dag turen til Eikenesstølen i forbindelse med Kom deg ut-dagen som er i morgon! Det var traktorveg nesten heile vegen inn og greit å gå for store og små. På stølen hadde åt vi velfortjent niste, borna leika gøymsel og vi hadde samling. Tusen takk for turen!

NAUSTDAL SØNDAG 2. SEPTEMBER: Mange born og voksne tok turen til stranda i dag og var med på KDU-dagen. Det var nydeleg og stilt i vêret. Kanoane var populære, mange ville utpå å ro!

Alle var med på «tur tipp» og mange gleda seg over å få kaste hestesko, ringar og erteposar. Alle fekk pølser med brød/lompe og tilbehør, juice og kaffi, samt premie til alle som kom.

Så var det ekstra stas og litt skummelt når endeleg Turboreven hadde teke turen til Naustdal og var med på dei ulike aktivitetane ilag med borna.

FOSSEHEIMEN GAULAR SØNDAG 2. SEPTEMBER: Det var mange som møtte opp, og veldig god stemning på Kom deg ut-dagen ved Viksdalsvatnet! Små og store koste seg i familiekanoar og kajakkar! Andre prøvde fiskelykka. Det var turtipp-konkurranse med premiar. Vi fyrte opp bålpanna og delte ut gratis pølser og marshmallows. Antal deltakarar var ca 30 vaknse og 42 born.

Eit lite uhell på slutten då ein vaksen og 3 born ramla uti vatnet, men det gjekk heldigvis heilt fint og fekk vi demonsrert kor viktig det er med redningsvest.

VÆRLANDET OG BULANDET SØNDAG 2. SEPTEMBER: Her har vi ikkje fått rapport ifrå enno.