Fekk oppleve alle årstidene på turen

Foto: Per Tore Meier

Dei sju som slo følgje med oss frå Angedalen, via Longevasshytta, til Sandane fekk kjenne på elementa. 

Lørdag gjekk turen frå Angedalen til Longevasshytta med seks personar i turfølgjet. Etappen vart lengre enn forventa, og då vi kom fram til hytta synte GPS-en 29,1 kilometer og ei gangtid på over 12 timar. 

Turen gjekk fint sjølv om vêret presenterte seg med alle årstider undervegs.  Men regn og snø gav dårleg sikt, og førte til at vi måtte vere ekstra nøye med navigeringa som igjen førte til at vi brukte lenger tid på etappen enn planlagt. Derimot var det ingen snøbrear å gå på i år, slik vi har opplevd tidlegare år.

Uansett vart det ei god og minnerik fjelloppleving. Og når vi så kjem fram til ei oppvarma hytte og ferdig middag på bordet er turdagen vellukka. Takk til Torunn Solheim, som har tilsynsansvar for Longevasshytta, for god service.

Søndagen var vi sju i turfølgjet då Torunn slo følgje med oss til Sandane. Det vart ein fin etappe med fint vêr og god sikt. Vi gjekk forbi fleire flotte fiskeplassar, steibuer og utsiktsplassar. Vi hadde ikkje med oss fiskeutstyr så vi stoppa berre litt for å ete og sjå på utsikta og den fine naturen.

Nymerka sti og nye skilt viste oss greit vegen, dei 18 kilometerane og seks timane vi gjekk på søndagen. Akkurat som planlagt.

Vi tilrår denne turen for fleire. Og det går ofte buss frå Sandane til Førde, slik at det går fint å ha bilen parkert i Årdal i Jølster, om du vel å ta ein litt kortare første dagsetappe inn til Longevasshytta. 

Helsing turleiar Kjell Arne Hjellbrekke