Korleis skulle dette gå? Turlaget hadde eit alderspenn på 60 år!

Foto: Asle Veien

Det var ein stor flokk som møttest for å ta turen opp langs Ormen Lange denne fantastiske godversdagen først i juli.

Eigentleg ynskjer ikkje turlaget at det er meir enn 15 deltakarar på denne turen, men turleiaren hadde rota litt med påmeldingane så… vi vart 19!

Etter at vi var på toppen vart det sagt at tyngste delen av turen, var før vi kom til Jomfruberget - klatreberget som ein bør klare uten det minste problem dersom ein vil bli med heilt opp. For dei utan høgdeskrekk kan nok det vere rett. Etter at ein får klatreutstyret på hoftene, vert det mange pausar og gode moglegheiter til å få pustefrekvensen ned på eit behagleg nivå.

Det er ikkje uvanleg at turgrupper på veg opp møter folk på veg ned. Ein bør snu før klatringa startar! I vår turgruppe var det ein som snudde etter å ha tvilt seg fram til fram til ei avgjerd.

Ein gong måtte klatretauet ut av turleiarsekken for å gje litt psykisk og fysisk støtte på det vanskelegaste partiet på vegen opp. Men som vanleg på slike turlagsturar, vi hjelper og oppmuntrar kvarandre. Takk til dei erfarne klatrerane som var med og tok eit tak - Gunn, Steinar og Irene.

Vanlegvis meiner eg at ein bør vere 13 år for å melde seg på denne turen. Men verken Erlend på 9 år eller Kjell på 69 hadde det minste problem med å hamle opp med Ormen Lange som via ferraten i Loen heiter - eit mykje betre namn enn Loen Skylift som tok oss ned igjen.

Takk for turen til ein triveleg gjeng!

Turleiar Asle Veien

PS.
Innsamla deltakaravgift gjekk uavkorta til Loen Active - såpass synes eg turlaget kan bidra med til dei som vedlikeheld og utviklar denne spektakulære vegen opp til Hoven -1000 meter over sjøen nedanfor. 

Skrevet av Asle Veien 2. juli 2018