Lyst på nye turmål? Prøv TiTur!

Foto: Børge Daviknes Klakegg

20 turmål i Dalsfjorden og indre Sunnfjord ventar på deg.

Har du lyst å prøve deg på nye turmål i fjella i Sunnfjord - og samstundes vinne premiar? Kanskje TiTur kan vere noko for deg då?

Indre Sunnfjord Turlag kan også i år freiste med TiTur. Enkelt fortalt går TiTur ut på at du registrerer deg på ti turmål i nærområdet ditt i løpet av sommaren. Når du har fullført får du ein liten premie, samstundes som du er med i trekninga av større premiar. Men viktigast av alt: du får oppleve nye fjell- og turområde med alt som følgjer med. :-)

Indre Sunnfjord Turlag har tilbod om TiTur både i Dalsfjorden (Fjaler og Askvoll) og indre Sunnfjord (rundt Førde). Du kan anten velje å delta begge stader og besøke totalt 20 turmål eller berre delta i  det eine området og besøke 10 turmål. Tilboda fungerer uavhengig av kvarandre, og kan såleis ikkje kombinerast. 

Meir informsjon om årets TiTur kan du lese her:

Dalsfjorden 

Indre Sunnfjord

God tur! :-)