7-fjellsturen 2018

Foto: Kjell Kleiven

Lørdag morgon starta 31personar på 7-fjellstur nr. 24 i Førde, men på veg oppover mot det første fjellet,  angra nok dei fleste litt på at dei i heile tatt hadde meldt seg på denne turen. 

Mot alle spådomar frå diverse vêrmeldarar, og andre forståsegpåarar når det gjeld vêr, var det langt frå det som var meldt som velsigna oss på første delen av turen.

Det regna i bøtter og spann. Vind og låge temperaturar gjorde til at det vart lite med pausar før vi var ved Bekkjavatnet. 

Siste regnbyga fekk vi rett før vi starta på turen opp til Hafstadfjellet, og etter at den var over, hadde vi fint turvêr resten av dagen med fin temperatur og gløtt av sol. 

Vi hadde ein lang og god pause på Soleide, før vi starta på Viefjellet. Klokka 18.30 kom vi til Ryggjabrua, der pizzaen venta, eit høgdepunkt på turen som alle såg fram til.

Kl 19.00 starta vi på turen oppover til Hjellestølen og Førdsnipa, og kl 21.00 var vi på toppen. 

Vi starta å gå frå Vasslia kl 07.30 og 15 timar seinare, klokka 22.30, var 28 av 31 startande nede i Grovene. 

Andreas Etterlid som har fullført samtlege 23 turar før denne, måtte denne gongen gje tapt før siste fjellet. Krefrene tok slutt og han innsåg at det ikkje ville gå å ta seg opp til Førdsnipa. Sjølv om han i ein alder av 74 år måtte gje tapt denne gongen blir eg ikkje overaska om vi ser han igjen neste år, noko han sjølv sa at han ville prøve på. 

Tekst og foto: Turleiar Kjell Kleiven

(sjå biletgalleri frå turen under gruppebiletet)

Fakta om 7-fjellsturen i Førde: 37 kilometer lang, 2700 høgdemeter opp og 3000 høgdemeter ned. Turen går innom følgjande toppar: Fureviknipa, Skinnbroka, Fauskevarden, Halbrendsnipa, Hafstadfjellet, Viefjellet og Førdsnipa.

Heile turfølgjet samla på Hjellestølen før siste bratte bakken opp til siste topp, Førdsnipa.
Heile turfølgjet samla på Hjellestølen før siste bratte bakken opp til siste topp, Førdsnipa. Foto: Kjell Arne Hjellbrekke.