TiTur Dalsfjorden 2018

På veg opp til Høgevarden.
På veg opp til Høgevarden. Foto: Ingeborg Opdøl Tysnes

Frå 1. juni byr vi på ti nye turmål rundt Dalsfjorden.

Indre Sunnfjord Turlag inviterer til TiTur Dalsfjorden. Prosjektet er eit samarbeid mellom Barnas Turlag i Fjaler og Askvoll, samt turgruppene i dei to kommunane.

TiTur Dalsfjorden vart gjennomført fyrste gong i 2017. Vi vurderte det som ein suksess som vi har lyst å fortsette med.

F.o.m 1. juni t.o.m 1. oktober har du høve til å bli kjend med mange av dei flotte fjella i nærområdet vårt. 

Premiering: Alle som fullfører får ei lommelykt (dynamolykt), samstundes er du med i trekkinga av tre gåvekort med ein verdi av 1000 kroner. I tillegg trekker vi eit gåvekort blant Instagrambilete som er lagde ut med emneknaggen #titurdalsfjorden18. (hugs open profil).

Det er gratis å delta, men for å vere med i trekkinga av gåvekorta må du vere medlem av Indre Sunnfjord Turlag eller eit anna turlag i DNT.

Innsjekkinga skjer ved at du skriv deg inn i TiTur-bøkene som ligg ute, men du kan òg nytte den nye mobilappen SjekkUT, der du kan registrere deg med eller utan selfie. 

Deltakarar under 7 år: Må ha gått på fem toppar.

Deltakarar opp til 13 år og over 67 kan, om dei ønskjer det, heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgste og lengste turane.

Turkortet kan du laste ned her 

Turkortet må leverast på Yx bensinstasjon i Askvoll eller Dale innan 10. oktober 2018. Lommelyktene vert utleverte fortløpande mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person. NB! Leverandøren får ikkje levert lyktene til oss før 12. juli, så vil du ha premie må du vente med å levere inn kortet ditt til etter den datoen.

Kontaktperson: Spørsmål kan stillast til John Lien på tlf. 918 61 083.

Trekkinga av gåvekorta skjer i løpet i siste halvdel av oktober 2018. Vinnarane blir kunngjorde på nettsida til Indre Sunnfjord Turlag, og overrekkinga skjer i oktober


Slik kjem du deg til turmåla i TiTur Dalsfjorden:

Nipebu (Askvoll)

Moldura (Askvoll)

Hjartåsen (Askvoll)

Olsetåsen (Askvoll)

Fløyen/Helleberget (Askvoll) – 761 m.o.h: Parker bilen på Ottersteinen (Askvollsida av brua) og gå langs fjorden på merka sti i retning Fossevikja. Frå rett før Fossevikja er det merka til venstre oppover fjellsida via Bjergastølen og til toppen. Relativt krevjande sti, men det er ikkje kliving eller klatring.

Bygdeheia (Fjaler):  Kan gåast opp frå to stader. Relativt lett tur.

Alternativ 1. Start frå Skår ved Folkestad. Slak stigning opp til toppen av skaret. Flatt inn til varden.

Alternativ 2. Viss ein kjem køyrande frå Dale så skal ein svinge ved skilt langs fylkesveg 65 mellom Fure ferjekai og Våge skule. Køyr på skogsveg ca. 750 meter der det er parkeringsplass. Føl merka sti, fyrst på skogsveg og så vidare på sti oppover lia fram til varden.

Dagsturhytta til Fjaler kommune er planlagt nær toppen og kjem oktober 2018.

Arsteinsheia (Fjaler): Frå Dale skal ein svinge til høgre inn på veg 607 ca. ein km etter Flekke. Følg veg 607 ca. 8 km og følg vegen til Straumsnes ca. 3,5 km. Ta av til venstre ved skilt merka Indre Åsnes opp til parkeringsplass. Følg skogsveg mot Arsteinstølen og sti vidare mot toppen. Kan også vere del av rundturen "Arsteinsheia rundt". 

Frå Dale skal ein svinge til høgre inn på veg 607 ca. ein km etter Flekke. Følg veg 607 ca. 8 km og følg vegen til Straumsnes ca. 3,5 km. Ta av til venstre ved skilt merka Indre Åsnes opp til parkeringsplass. Følg skogsveg mot Arsteinstølen og sti vidare mot toppen - 446 m.o.h. Kan også vere del av rundturen ‘Arsteinsheia rundt’.

Grøneholten (Fjaler): Køyr ca. 1 km på fylkesveg 57 frå Dale i retning Flekke. Sving til venstre mot Dalsåsen. Fortset rett fram til toppen av ein bratt bakke (Vassverkbakken). Parkering og løypestart ved den gamle vassverkdammen (Demma). Vekslande stigning til Grøneholten - 411 m.o.h. - på godt merka sti. Kan også gåast som ein del av rundturen Østenstad rundt og nå toppen Høgefjellet på ein avstikkar av denne.

Høgevarden (Fjaler) – 515 m.o.h: Sving til venstre ved Stav på fylkesveg 57 ca. 5 km etter Dale på det høgaste punktet mellom Flekke og Dale. Føl vegen ca. 500 meter til treskilt Høgevarden langs vegen. Nokre parkeringsplassar rett før og rett etter. Føl merka sti fyrst på skogsveg og så på sti. Toppen kan også nåast via Flekkestølen som var ein av toppane i 2017.

Høgefjellet (Fjaler) – 591 m.o.h: Kan gåast i forlenging av turen til Grøneholten der ein tar ein sidesti til høgre litt etter halvvegs på rundturen ved treskilt merka Høgefjellet. Kan også gåast andre vegen med start frå Dalsåsen. Ein går då fyrst på skogsveg og vidare på sti via Østenstad. Ta av på sidesti ved treskilt til venstre merka Høgefjellet. Herifrå er det merka i blått.