TiTur Indre Sunnfjord 2018

Foto: Børge Daviknes Klakegg

Vi freistar med nye turmål i årets utgåve av TiTur Indre Sunnfjord

Mellom 1. juni og 1. oktober har du høve til å verte kjend med mange av dei flotte fjella i nærområdet vårt. I år byr vi på nokre turmål som vi håpar du likar, og som motiverer deg til nye fjellturar i det vakre landskapet vi bur i. Målet til TiTur-gruppa i Indre Sunnfjord Turlag er så enkelt som at vi ønskjer at flest mogeleg skal få oppleve og verte kjende i vår eiga, heimlege fjellverd.

Vi har i år lagt ut ti turmål i SjekkUT-appen til DNT som du kan besøke i årets utgåve. Sjølv om det ligg bøker på dei fleste toppane, treng du altså ikkje skrive deg inn i desse bøkene for å få registrert turen. Men hugs appen. Og har du ikkje dekning vil turen verte registrert når du kjem inn i dekning igjen.

Det er gratis å delta. Det krev ikkje medlemskap for å delta i TiTur, men du må vere medlem i Indre Sunnfjord Turlag eller eit anna turlag i DNT for å kunne vere med i trekkinga av gåvekorta.

Alle som fullfører får ei dynamolykt, samstundes som du er med i trekkinga av gåvekort. Det eine av dei fire gåvekorta vert trekt ut blant dei som har lagt ut bilete på Instagram med emneknaggen #istitur18.

Besøket på turmåla registrerer du i mobilappen SjekkUT, der du kan registrere deg med eller utan selfie. Men du må også registrere dato i turkortet ditt, som du etter endt sesong leverer inn for å få lykta og for å få vere med i trekkinga.

Her kan du laste ned turkortet.

Deltakarar frå sju år og yngre treng berre gå fem turar for å få premie. Deltakarar frå åtte år til og med 13 år eller over 67 år kan, om dei ønskjer det, heller ta to turar ekstra til eit par av dei lettare turmåla enn å gå dei høgaste og lengste turane.

Turkortet må leverast på kontoret til Sogn og Fjordane Turlag i Førde innan 15. oktober 2018. Dynamolyktene vert utleverte fortløpande i byte mot innlevert, fullstendig utfylt turkort. Alle må ha kvar sitt turkort, og det kan berre leverast inn eitt kort per person.

NB! Leverandøren får ikkje levert lyktene til oss før 12. juli, så vil du ha premie må du vente med å levere inn kortet ditt til etter den datoen.

Trekkinga av gåvekorta skjer i løpet av siste halvdel av oktober 2018. Vinnarane vert kunngjorde på nettsida til Indre Sunnfjord Turlag, og overrekkinga skjer på årsmøtet i november.

Spørsmål? Kontakt Roy Raasholm Fauske, tlf: 970 55 206.

God tur! :-)

Ruteomtaler
Slik kjem du deg til turmåla i TiTur Indre Sunnfjord: