Dette er Onsdagsturane i 2018

Frå ein Onsdagstur til Eikåsnipa.
Frå ein Onsdagstur til Eikåsnipa. Foto: Terje Mo

Våren er komen og vi ønskjer velkomen til nye Onsdagsturar. Her er årets turoversikt.

Første Onsdagstur går 2. mai til Hornnesstølen og Klumpen i Førde.  

Som tidlegare år vert det oppmøte kl 18.00 ved Esso i Førde for samordna transport. Til hausten kan det verte nokre turar som startar kl 17.-17.30. Dette vert annonsert.

Onsdagsturane er kveldsturar som går i høveleg tempo med ei turtid på ca 3-4 timar. Turane høver for alle anten du søkjer mosjonen, det sosiale fellesskapet eller om du ønskjer å verte betre kjent i fjella kring Førde.

Dei fleste turane går i og rundt Førde, slik at det ikkje vert så langt å køyre til startpunktet. Men vi har og nokre turar i nabokommunane. 

Turoversikten vil de finne på heimesida vår, samstundes som vi vil poste påminningar på Facebook måndag kveld før kvar tur. I tillegg vil dei verte annonserte i den månadlege turoversikten i Firda. 

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølve om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også vere sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Oversikta viser kva turar vi har planlagt, men det kan verte endringar så vi oppmodar dykk om å følgje med på heimesida vår og på Facebook.

Onsdagsturar 2018:

02/5  Hornnesstølen/Klumpen               Turleiar: Kjell Kleiven

09/5  Vindkjegla frå Kringla                     Turleiarar: Henning Malones og Lydia Nesje

16/5  Bolteheia                                               Turleiar: Sigrid Gjelsvik  

23/5  Viefjellet frå Soleide                         Turleiar: Kjell Befring

30/5  Hatlesetnipa                                        Turleiar: Lydia Nesje

06/6 Teigen-Varlivatnet/Vindedalsvatnet  Turleiarar: Henning Malones og Lydia Nesje

13/6  Grønefjellet                                           Turleiar: Roy Raasholm Fauske

20/6 Bjørsetfjellet                                         Turleiar: Lydia Nesje

27/6  Sandeggja frå Nydalen                     Turleiar: Per Tore Meier

04/7  Krunene                                                Turleiar: Lydia Nesje

11/7   Bolsetnipa                                             Turleiar: Gunnar Sunde og Lydia Nesje

18/7  Klungeren frå Masdalsgjerdet       Turleiar: Jorunn Vågen

25/7  Kvannfjellet                                          Turleiar: Kjell Arne Hjellbrekke

01/8  Ørnefjellet                                            Turleiar: Berit Berger-Nilsen

08/8 Smådalsnipa frå Kleppstølen       Turleiar: Sigrid Gjelsvik

15/8  Venevasseggja                                     Turleiar: Atle Holsen

22/8  Kvamsfjellet                                        Turleiar: Lydia Nesje

29/8  Eikåsnipa                                             Turleiar: Kjell Befring

05/9  Halvgjerda                                           Turleiar: Anny Paulen

12/9  Fauskevarden                                     Turleiar: Frida Mulen

19/9  Bekkjavatnet m/grilling                 Turleiarar: Jan Roar Sekkelsten og Terje Mo