Vinter på Nipebu

Foto: Kjell Kleiven

No er det fine forhold for å ta ein skitur til Nipebu.

Frå leiaren av hyttestyret vårt, har vi fått denne rapporten frå Nipebu:

Eg var ein tur innom i dag. Gjekk frå den nye kraftstasjonen ved Markavatnet.

Det er bra med snø i området og skia kan ein ta på når ein stig ut av bilen. Det var eit par små skavlar som må forserast oppover til Krokavatnet, men ikkje noke problem å snakke om.

Eg gjekk over Nipevatnet og Langevatnet fram til hytta, mykje snø og lett å gå heile veien.

Det ligg mykje snø rundt hytta, men inngangspartiet er snøfritt. Elles er hytta klar for vinterbesøk. Det er godt med ved og proviant.

Mvh

Kjell Kleiven