Trugetur til Fauskevarden

Foto: Anita Rennestraum

Vi var ni som trakka i veg i flott snø til Fauskevarden.

Her var både nybegynnarar og meir erfarne trugegåarar.

Snøveret vart tettare og tettare etterkvart som vi gjekk. Snart var sikta lik null. Vi fann ut at det beste var å snu heimatt. Vi var nok ikkje meir enn 15- 20 min frå toppen då vi snudde.

Turen nedatt gjekk leikande lett i flott snø.

Helsing turleiar Anita Rennestraum