Så flott at fleire vurderte å gå oppatt

Åtte personar møtte opp til årets første skitur med IST som gjekk til Steinegga frå Svidalen.

Delvis skya med gløtt av sol og mindre vind enn yr melde. Vi gjekk i roleg tempo og hadde ein liten pause ved stølen før dei bratte bakkane til topps.

Mykje vind på toppen, men belønninga viste seg raskt med puddersnø heile vegen nedatt. Vi leika oss i nysnøen der alle kunne lage sitt eige spor, sjeldan fint føre.

Mange vurderte faktisk å gå oppatt ein gang til for å kunne nyte nedfarten x 2, men det vart med tanken.

Turleiarane takkar for trivelig turfølgje, berre smil å sjå og pur skiglede.

Helsing Lydia Nesje og Per Tore Meier