Ungdommen tek styringa

Silje Vallestad, Håvard Sandal Høyvik og Mads Aasen har teke på seg viktige oppgåver i turlagsarbeidet i Sogn og Fjordane.
Silje Vallestad, Håvard Sandal Høyvik og Mads Aasen har teke på seg viktige oppgåver i turlagsarbeidet i Sogn og Fjordane. Foto: Roy Raasholm Fauske

IST er med i nyoppretta Ung-utval i Sogn og Fjordane Turlag

Ungdommen tek styringa. På årsmøtet til Sogn og Fjordane Turlag vart det oppretta eit eige Ung-utval, der blant andre Mads Aasen frå DNT ung Indre Sunnfjord er medlem.

Samstundes jobbar Sogn og Fjordane Turlag med å få valt inn Håvard Sandal Høyvik i landsstyret i DNT ung, som er Norges største friluftsorganisasjon for ungdom. Sandal Høyvik har vore aktiv i IST i mange år, der han har gjort ein kjempeinnsats for å få med ungdom ut i naturen.

Elles vart Indre Sunnfjord Turlag godt representert i både styre og utval etter dagens årsmøte: Silje Vallestad vart attvald som styremedlem, medan Vigdis Flaten Kvamme vart attvald som leiar i kurs- og fjellsportutvalet. Attvald vart også Alvar Melvær som vara til naturvernutvalet, medan Roy Raasholm Fauske fekk plass i valnemnda.

Marino Ask vart attvald som leiar. Han representerer Sogndal Turlag, men er opphaveleg frå Askvoll. 

Lykke til alle med viktige oppgåver. :-)