Sol og snø lokka mange i utebursdag

Frå Norddalen i Fjaler.
Frå Norddalen i Fjaler.

Kring 550 små og store deltok i den store utebursdagen sist søndag. Dagen vart feira med mellom anna skileik, aking og bålkos.

Søndag 21. januar vart akkurat den bursdagen 150-årsjubilanten DNT ønska seg. Snø, sol (i alle fall i Askvoll) og mange leikande og glade born - og vaksne. Vinterens nasjonale Kom deg ut-dag og utebursdag vart arrangert i fem av dei sju BT-laga i Indre Sunnfjord Turlag. I alt deltok kring 550 personar. Størst var oppslutnaden i Instedalen skianlegg der Barnas Turlag Naustdal og Barnas Turlag Flora i fellesskap inviterte til utebursdag. Her deltok åleine kring 300 (!) små og store.

I denne artikkelen deler vi dei ulike BT-laga sine eigne bilete og rapportar frå dagen.

Barnas Turlag Naustdal: 

Det var topp skiføre og akebakkane var perfekte! Mange gjekk tur-tippen og andre gravde snøhole. I tillegg til gode matpakkar vart det servert pølse med brød, suppe og svele.

Så var det stas å få besøk av Barnas Turlag Flora! Flora og Naustdal Barnas Turlag arrangerte i lag, og 40-50 av våre nye landsmenn var imponerande flinke på ski!

Takk til alle som kom og var med oss!

Barnas Turlag og Ung Askvoll:

Vi haddde ski- og akedag hos Trine og Aleksander i Rivedal. Dei hadde køyrt opp flotte skiløyper, laga ein super akebakke og fyrt opp i bålpanna til oss. Omlag hundre små og store møtte opp for å feire 150 års dagen til DNT. Det var stor aktivitet både i akebakken og i skiløypene. Bålkos, og pølser til alle. Samling og utdeling av premiar var stas. Flotte matboksar, ballongar og buttons til alle ungane. Ein strålande vinterdag.

Barnas Turlag Fosseheimen Gaular:

Vi var på Langeland ved akebakken. Kjempeflott dag med mange som møtte opp (ca 20 vaksne/30 born). Vi hadde bålpanne og grilla pølser. Elles var det aking i bakken og turar i løypene. Ungane koste seg veldig! 

Barnas Turlag Fjaler:

Det var 26 bornog 17 vaksne i Norddalen på Kom deg ut-dagen. Ved skihytta laga bål som vi grilla pølser på, og Turbo fjellrev serverte varm saft og kjeks til borna. Ungane leika i snøen, aka i bakkane og gjekk på ski i lysløypa. Turbo var og med på leiken og moroa. Det var ein flott vinterdag i fjellet.

Barnas Turlag Jølster:

Over 40 store og små kom seg ut i Dvergsdalen i dag. Eit par minusgrader og vindstille vêr laga ei flott ramme rundt jubileumet til DNT. Turtipp, bålbrenning og skiturar stod på programmet. Takk til løypekøyrarane for blodferske løyper.

Barnas Turlag Værlandet og Bulandet:

Vi fekk sol, men ganske kald vind. Så det var ikkje så mange som møtte opp. Om det var det som var grunnen..? Veit òg at det var mange som er sjuke for tida.

Vi var fire barn og tre vaksne på dagens tur, som gjekk til ei strand i Myrvågen på Værlandet. Det vart laga til bål slik at vi fekk grilla (var ikkje mykje vind der heldigvis).