Vi inviterer deg i utebursdag

Førstkomande søndag 21. januar er du invitert på utebursdag i alle Barnas Turlag. 

21. januar 1868 vart den Norske Turistforening (DNT) skipa. Og når Norges største friluftslivsorganisasjon fyller år, er alle velkomne til å bli med på feiringa. Indre Sunnfjord Turlag feirar 150-årsdagen med utebursdagar i alle Barnas Turlaga våre førstkomande søndag. Dagen vert feira med skileik, aking, bålkos, turmat og konkurransar og mykje meir.

Dei lokale BT-laga annonserer arrangementa på sine eigne, lokale Facebook-sider. I skrivande stund har følgjande BT-lag sendt ut invitasjon til små og store:

Barnas Turlag Naustdal: 

Instedalen Skileikeanlegg kl. 11.00. Parkering: Parkeringsplassen ved skianlegget.
Turleiar: Åsmund Berthelsen og Annlaug Birkeland. Tlf: 932 37 073/997 06 055.
Ta med ski/akebrett, mat, drikke og varme kle for ein god ute-dag!
Vi byr på ein smak av betasuppe, pølse, nystekte lappar og bålkaffi frå bålpanna, ta gjerne med eigen grillmat.
Tur-Tipp med fine premiar!
Vi arrangerer i samarbeid med Barnas Turlag Flora.
Våre nye landsmenn er spesielt invitert til å prøve seg på ski denne dagen.

Barnas Turlag Fosseheimen Gaular:

Vi møtest på Langeland ved akebakken ca kl 11. Ta med ski og/eller akebrett. Vi lagar til bål slik at det er høve for grilling av pølser o.l. Turleiarar er Heidi Eriksrød og Linde Merete Karlsen Sunde, tlf 400 68 149/975 23 961.

Barnas Turlag Jølster:

Skitur i Dvergsdalen kl 11. Parker oppe ved skiløypa. Turleiarar er Hanne og Iselin.

Barnas Turlag Fjaler: 

Ski- og akedag i Norddalen frå kl 12 til 14. Vi lagar base ved skihytta der vi tenner bål slik at det er høve til å grille. Turbo fjellrev serverer varm saft og kjeks. Det er flotte forhold i Norddalen så det er høve til å gå på ski i lysløypa og innover fjellet, og å ake i bakkane rundt skihytta. Vel møtt!!

Barnas Turlag og UNG Askvoll:

Vi feirar med tur på søndag. Det vert gåve til borna, og vi spanderer pølse på alle. Turen går frå Askvoll skule v/SFO kl 11.00. Fin tur gjennom skogen og over til Fristadmarka. Flott område til leik og moro. Vi har sett opp ny flott lavvo. Bål vert tent. Ein kan og gå opp frå Fristadveien, på grusvei og bratt bakke opp til samlingplassen. Bli med på feiringa. Ønskjer gjerne ei melding om kven som vert med pga innkjøp av pølser.  Vel møtt! Kontaktperson: Lill Hege: 906 77 916.