Først av alt: Beklagar til alle dei som ikkje fekk med seg at turen var flytta ein dag fram. Men, dei som fekk med seg meldingane på Facebook og www.isturlag.no, fekk ein tur som kan skrivast inn i historia som ein skikkeleg stastur.
Då var den tradisjonsrike skituren Årdal -Nes unnagjort for i år. 33 personar var med frå starten.
Søndag 6.mars hadde barnas turlag Jølster tur i Årdalsdalen. Her var det moglegheitar for å gå ei kort løype og ei litt lenger løype til målet som var ein bø eit par km inn i dalen. 24 barn og 16 vaksne var med på turen.
Kva gjer du når nysnøen er så djup at du går til knes i snø - på truger? Svaret får du her!
Klikk på denne artikkelen så finn du turprogrammet i elektronisk format.
Trass dårlige særmeldingar møtte 6 personer og ein hund for turen til Steinegga, deriblant folk heilt frå Hyllestad og Høyanger. Det var ein blid gjeng som la av garde med friskt mot i friskt vær. Ved støylane vart det ein kort matpause og konklusjonen vart då at det var tryggast å snu, då sikten var svært dårlig.Takk for turen!Turleiar Per ...
Gradestokken synte minus ti grader. Likevel let 20 fjellvandrarar på truger seg lokke til fjells på søndag. Jakta på sola og den flotte utsikta frå Fauskevarden (853 m.o.h.) freista meir enn kuldegradene skremde.
I referat frå siste styremøte kan du lese at ungane i IST sine Barnas Turlag får det nytt leiketøy.
Vi var 10 personar pluss to hundar som starta på tur litt over kl 10 og gjekk opp til Tjønnelandsdalen der vi tok ein matbit før turen gjekk vidare opp på Slåtteheia. Føret var litt tungt ,litt vind, pakka snø og avblåst eterkvart som vi nærma oss toppen. Dei siste 200 høgdemetrane var det svært dårleg sikt og vind. Elles ...
132 små og store møtte opp på Hellesetvatnet for å vise fram skeiseferdigheitene sine søndag 17.januar. Nokre av ungane hadde nytta isen ei god stund, og det viste. Fleire av dei var flinkare enn foreldra til å gå runder på isen. Sidan det hadde kome nokre centimeter med snø i løpet av natta, hadde fleire teke med seg ski. Det ...
Med Kjell Arne Hjellbrekke som ny leiar i Indre Sunnfjord Turlag har IST fått ein leiar med brei organisasjonerfaring og stort engasjement for å få flest mogleg ut i fysisk aktivtet - helst ut i den flotte naturen vår. Vi du lese meir om korleis styret er sett saman og andre saker styret behandla på siste styremøte, finn du det ...
Det deltok 20 barn og 15 voksne på nissemarsjen vår i laurdag.Sølvi Blom
Det er litt rart at ei foreining med god økonomi,1500 aktive og friske medlemer ikkje klarer å få på plass ein leiar. Kanskje er der nokon der ute som har lyst, men ikkje torer å lanserer sitt kandidatur? Det er ikkje for seint. Styret har fått fullmakt til å utvide styret med ein person dersom den rette dukkar opp. Ta ...
Årsmelding, handlingsplan og saksliste for Årsmøte IST 27. novHugs å melde deg på.
Slik ser referatet ut frå Ragna sitt siste styremøte.
Vi møtte den livlege jenta frå Bergen, ein kveld i november for å gratulere henne og oss sjølve med at ho er Indre Sunnfjord Turlag sitt medlem nummer 1500. Det er ny rekord for IST. Sjølvsagt hadde vi med ei lita gåve som kunne varme den fjellglade jenta ein kald vinterdag.Iselinn Warpe er 26 år og er for tida turnuslege ...
Ca 35 barn og 20 vaksne møtte opp til lommelykttur rundt Mostien fredag 30.10. Vermeldingane sa forholdsvis kraftig nedbør, men turleiar Kristin ordna med at regnveret holdt seg vekke store delar av turen. Turleiarane Steffen, Kristin og Atle takkar for turen.
27.11 kl 18.00 har Indre Sunnfjord Turlag årsmøte og turprogramkveld på Scandic Sunnfjord Hotell. Saker må sendast styret innan 13.11. Påmelding innan 20.11 grunna servering. Vel møtt til ein kveld med oppsummering av året som har gått, og planlegging av neste års aktivitetar.
Les litt om kva styret i IST handsama på dette styremøtet.