Onsdagstur: Bekkjavatnet m/grilling

Fellestur

Dato
19. september kl. 17:30
Vanskelighetsgrad
Enkel  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Avslutning for årets sesong med onsdagsturar. Turlaget spanderer grillmat ved Hunsrasta.

Onsdagsturane er kveldsturar som går i høveleg tempo med ei turtid på ca 3-4 timar. Dei fleste turane går i og rundt Førde, slik at det ikkje vert så langt å køyre til startpunktet. Men vi har og nokre turar i nabokommunane.

Det er frammøte klokka 17.30 på Esso i Førde, der vi samordnar transporten. 

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølve om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også vere sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Turoversikten finn de på indresunnfjord.dnt.no. Endringar i turprogram vert kunngjort på heimesida vår og på Facebook.

Turleiarar og grillmeistrar er Jan Roar Sekkelsten og Terje Mo.

Kontaktinformasjon:

  • Jan Roar Sekkelsten
  • Tlf. 911 48 702