ONSDAGSTUR: Grønefjellet

Fellestur

Dato
13. juni kl. 18:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Onsdagsturane er kveldsturar som går i høveleg tempo med ei turtid på ca 3-4 timar. Dei fleste turane går i og rundt Førde, slik at det ikkje vert så langt å køyre til startpunktet. Men vi har og nokre turar i nabokommunane.

Det er frammøte klokka 18.00 på Esso i Førde, der vi samordnar transporten. Denne onsdagen køyrer Sande der vi parkerer ved det gamle kommunehuset. Avgang herifrå klokka 18.30.

Vi oppmodar dei som ikkje køyrer sjølve om å betale minimum kr 20,- til sjåføren og evt meir ved lang transport. Alle bør også vere sjåfør innimellom, slik at ikkje dei same må køyre kvar gong. Turoversikten finn de på indresunnfjord.dnt.no. Endringar i turprogram vert kunngjort på heimesida vår og på Facebook.

Kontaktinformasjon:

  • Roy Raasholm Fauske
  • Tlf. 97055206