Friluftsskule v/ DNT ung Askvoll

Arrangement

Fra dato
26. juni kl. 09:00
Til dato
28. juni kl. 17:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Barn, Ungdom
Turtyper
Arrangement, Dnt-Skolefri, Friluftsskulen
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turkode
Friluftsskolen
Dette arrangementet er over!

Tysdag 26. - torsdag 28 juni 2018 vert det arrangert friluftsskule i Askvoll. Målet med friluftsskulen er å gi deltakarane lystbetont introduksjon og opplæring i friluftsliv. Den inneheld følgjande tema: allemannsretten, kartforståelse, raste- og leirplass og tur / ekspedisjon. I tillegg vert det padling / klatring / sykkeltur, fisking. Vi legg opp til første dagen i Askvoll området, med oppmøte på øyra i Askvoll. Nokre aktivitetar er vèravhengig, men vi har som mål om å få til padling / klatring / sykkeltur evt. orientering, pluss sosialt samvær og eigen aktivitet. Første dagen held vi på frå 09.00 - 17.00. 

Dag 2 er det oppmøte på parkeringsplass i Rivedal kl. 10.00. Vi skal ha tur / ekspedisjon innover til Nipebu, der vi overnatter til neste dag. På vei innover vert det gode pausar med fisking / jettegrytte tur ved Atlevatnet. På Nipebu vert sosialt samvær, overnatting, felles kveldsmat / frukost, bading, fisking, rotur osv. Vi rusler ut att neste dag same veg, eller alternativ rute. Dette kjem an på gruppa. 

Deltakargruppa vil vere fom 5. klasse - tom 8. klasse. 

Kontaktinformasjon: