Bli med på MiniJosten!

Fellestur

Dato
1. mai kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Ekstra krevende  
Passer spesielt for
Voksne
Arrangører
Sogndal Turlag, Indre Sunnfjord Turlag

Befringstølen – Bjørgja: Dette er ein tur der ein får ein kjensle av å gå på Vestlandet sitt tak. Litt avhengig av snøforhold er starten frå kraftverket på Befring eller om vegen er open, nærmare Befringstølen.

Sjå kart og høgdeprofil i biletgalleriet under teksten, nederst på denne sida.

Vidare oppover Strupen og kanskje ein stopp på Kvannebakkbu. No startar den slake breen forbi Kaldakari og ned til Bings gryte. EI gryte forma i snø av vinden og oppattkalla etter fjellpioneren Kristian Bing. Her er Jostedalensbreen på sitt smalaste. Herifrå ber det litt oppover igjen før det vert rimeleg bratt nedover Jostebotnen og inn i Haugadalen. Turen endar på Høyset der vi har parkert nokre bilar slik at vi kan hente resten av bilane frå startpunktet på andre sida av dalen.

Det er ein krevande tur som krev at deltakarane er turvande og i rimeleg god form sjølv om turtempoet skal vere moderat. Vi må rekne med at turen tek i overkant av 10 timar. Turlaget har ein del skredutstyr til utlån, men alle bør utstyre seg med det ein har av sendar/mottakar, søkjestang og spade. Mange vil nok gå med randonne-utstyr på denne turen, men taklar du bratte renn med smalare ski, er det sjølvsagt eit alternativ.

Turen startar frå Befring kl. 8. Vi reiser frå Esso i Førde kl. 7 og frå Sogndal kl. 06.45.

Om snø- og vêrforhold tilseier det, kan det vere aktuelt å gå turen motsatt veg – frå Haugadalen til Befring.

Turen går berre i godt vêr.

Turen er eit samarbeid mellom  Indre Sunnfjord Turlag og Sogndal Turlag.

Turleiar er Irene Befring (tlf. 943 47 131) og Siw Falkestein (952 16 408) og koordinator i Sogndal er Gunnar Hæreid (911 80 484).

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Irene Befring