Hafstadfjellet

Fellestur

Dato
31. desember 2018 kl. 13:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Dette er ein kjekk måte for turglade å avslutte det gamle året på. Ta med godt humør og bli med oss opp på toppen av Hafstadfjellet!

I tillegg til humøret er det fint om du også kan bere med deg litt brensel til bålet. Det blir fyrt opp under den siste bakken, før vegen gjer ein sving opp til toppen, slik vi har gjort det dei siste åra. Der kan du sette frå deg sekken og gå vidare opp mot toppen for å nyte utsynet ned mot Førde by, for siste gong i 2018. Etterpå kan du gå nedatt og varme deg ved bålet og kose deg med det du eventuelt har teke med deg i sekken.

Det kan vere lurt å ha med seg broddar og stavar. Enkelte tek også med seg akebrett eller kjelke for å ha det litt moro på nedattturen, så sant det er føre for det.

Vi startar frå parkeringsplassen på Bruland klokka 13.00. Vi tenner bålet ca. 14.30, og vi reknar med å vere nedatt på Bruland ca16.30.

Kontaktinformasjon:

  • Styret i IST