Angedalen-Longevasshytta-Sandane

Fellestur

Fra dato
25. august kl. 07:30
Til dato
26. august
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

Frå Esso i Førde lørdag 25.08. kl 07.30, tilbake i Førde søndag kveld (kl 19.40 eller 17.57).

Turen startar frå Botnen inst i Angedalen og går innover på nordsida over til Kupefjellet 1287 moh, og vidare innover fjellrekka.

Vi må ned i Gotdalsskaret før vi tar oss opp på Grønlifjellet, turens høgaste punkt 1385 moh. Vidare går vi innover høgdedraget mot Litlebottsegga, før ein sving ned mot Longevasshytta. Denne etappen er godt 16 km lang.

Visst du synest det er for langt å gå frå Angedalen kan du gå en kortare tur til Longevasshytta på lørdag og bli med på søndagens tur til Sandane.

Søndag startar turen ca kl 09 frå hytta og går gjennom Blådalen til Fagredalsreset, Bjørnasteinen og etterkvart kjem vi fram i Langedalen. Frå Fitjestøylen går turen over Indre Skaret og Fitjevårstøylen. Turen frå Longevasshytta til Fitjevårstøylen er ca. 14 km. 

Her er mange fine plassar undervegs, men det er ein forholdsvis lang tur. Det gjeld å ta pausar og nyte utsikta og drikke og ete godt undervegs.

På grunn av transportbehov er det påmelding til denne turen seinast torsdag 23.08. til Kjell Arne Hjellbrekke, tlf 958 27 976.

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Arne Hjellbrekke
  • Tlf. 958 27 976