AVLYST: Rørvik-Blegja

Fellestur

Dato
18. august kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er avlyst pga dårlege vermeldingar. 

Blegja er det høgste fjellet i Askvoll kommune med sine 1304 moh. Vi går den kortaste ruta, som går frå Rørvika. Turen har start frå Førdefjorden, og har rimeleg bratt stigning heile vegen. I byrjinga går vi på forholdsvis god sti før vi går over til eit meir alpint prega landskap med mykje stein og urar.

Oppe under Rørvikenipa er det vanleg å ta seg ein matbit og å fylle på med meir vatn frå elva. No går resten av turen i stein og urar. Etter Nipevatnet vert det litt bratt gange på litt større steinar. 

På toppen av Blegja får ein løn for strevet, ei storslagen utsikt. I aust ser vi innover mot Heilevangsstaurane og Kvamshesten. Er sikta god, ser vi innover Jostedalsbreen. I nordaustleg retning ser vi innover mot Førdefjorden. For den som vågar seg ut mot kanten ser ein ned på Blåfonna, den einaste isbreen i Askvoll kommune. Vender ein seg mot nord, ser ein Ålfotbreen og Bremangerlandet, og i den nordvestlege retninga ser ein Florø og øyane som litt utanfor Florø. Vender ein blikket ut mot havet, ser ein mot Askvoll og innover mot Dale.

Sidan dette er ein bratt og krevjande tur, bør du ha gode kne og vere i god form for å kunne ha glede av turen. Det vil bli gått i vanleg turtempo, med høvelege pausar, så ein treng ikkje vere redd for at det skal setjast farstrekordar. Vi reknar med å bruke ein plass mellom tre og fire timar opp. Dette er ein tur som kun går i fint vêr. Hugs å ta med varme klede. 

Dersom du har spørsmål, ta kontakt med turleiar, Vigdis Flaten Kvamme tlf 48106362.

Avreise frå Esso i Førde lørdag 18. august kl 08. 

Kontaktinformasjon:

  • Vigdis Flaten Kvamme
  • Tlf. 481 06 362