Oldeskaret (Oldedalen-Stardalen)

Fellestur

Dato
5. august kl. 06:30 - 16:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)

Oldeskaret er ei gamal ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen startar frå Melkevoll (140 moh.) med noko bratt oppstigning til ca 600 høgdemeter. Men stien er nyleg oppgradert av Sherpaer som har laga til fine trappetrin og på dei brattaste partia er det tilrettelagt med kjetting. Ein får raskt utsikt over Oldedalen og etterkvart som ein stig kjem også Briksdalsbreen og til syne. For å få ei flott utsikt over dalen og breane kan ein ta ein liten avstikker bort til fossen i elva Svadåna. 

Når ein nermar seg sjølve skaret krysser ein ei elv som er tilrettelagt med ei flott bru. Her oppe ligg og steinhytta Jarbu. På det høgaste punktet på 1100 moh er det ein fin varde som markerer stemneplassen. Det var i samband med unionsoppløysinga at folket  i Olden og Stardalen tok til å halde  sommarstemne her.

Etter ein god matpause på stemneplassen vandrar vi vidare mellom fjell, vatn og bre. Vi går ned langs Storevatnet og over Spelemannsmyra før vi kjem ned til Haugastøylen. Nedanfor Haugastøylen kjem vi inn på ein grusvei som vi følgjer ned til Høyset i Stardalen der bilane våre står parkert. 

Gåturen tek omlag 6 timar.  

Avreise frå Esso i Førde kl 06.30. Herifrå køyrer vi med privatbilar (samordna) til Høyset i Stardalen. Derifrå køyrer vi i buss til Briksdalen. Avgang frå Melkevoll bretun i Briksdalen kl 10. Påmelding pga busstransporten. Det er begrensa tal plassar på denne turen.

Pris for tur/buss:
Kr 200,-  pr. person for medlemmer i Indre Sunnfjord Turlag/DNT. Kr 300,- pr. person for ikkje-medlemmer. Gratis for born frå 12 år og yngre. Halv pris for born og ungdom (13-26 år). Påmelding og betaling på heimesida til Indre Sunnfjord Turlag.

Påmelding i tidsrommet 1. juli til 1. august.

Turen går i samarbeid med Indre Nordfjord Turlag.

Oldeskaret (Oldedalen-Stardalen)

Oldeskaret er ei gamal ferdselsrute mellom Oldedalen og Stardalen. Turen startar frå Melkevoll (140 moh.) med noko bratt oppstigning til ca 600 høgdemeter. Men stien er nyleg oppgradert av Sherpaer ...

Kontaktinformasjon:

  • Roy Raasholm Fauske
  • Tlf. 970 55 206