Ei luftig helg i Romsdalen

Fellestur

Fra dato
24. august kl. 16:30
Til dato
26. august kl. 22:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Planen er at vi reiser til Åndalsnes fredag 24.august kl. 1630 frå Esso i Førde. Vi overnattar på Åndalsnes Camping. Nokre vil nok sove i telt, andre i hytte. Kvar ordnar plass for seg sjølve.
Laurdag satsar vi på å gå Romsdalseggen. Det går buss frå sentrum 0845 inn i Vengedalen. Klikk her for meir informasjon om Romsdalseggen.https://www.ut.no/tur/2.2038/

Søndag er det Via Ferrata der vi har to val. Den eine er lett og den andre tøff - tilsvarer D-ruta i Loen. Sidan det må bestillast plass i ferrataen vil vi at, når de melder dokke på turen, har tenkt gjennom kva rute som er mest aktuell. Vi kan eventuelt dele oss i to grupper.  Info finn de på denne linken:http://tindesenteret.no/side/viaferrata

Sidan søndagen vert ein relativt kort dag, kan vi kanskje ta ein tur innom Tindesenteret og oppleve norsk tindehistorie før vi set kursen heimover.

Den enkelte må sjølv ordne med utstyr til overnatting og mat.  
Turlaget har Via Ferrata-utstyr til 15 stk. Det er også grensa for kor mange som kan vere med på turen. Deltakarane må ha med seg sko som er gode å klatre med i tillegg til tynne hanskar med god friksjon.

Vi må ha bra ver på denne turen, det er langt å reise. Truen frå Førde til Åndalsnes tek ca. 5 timar. Om ikkje vergudane er med oss, vert turen avlyst.

Send gjerne ei melding eller ring til Asle ( 97055203 ) om reiseplanane. Det vel fornuftig at vi i størst mogleg grad samordnar oss.
Det er ikkje turavgift på denne turen, sidan deltakarane alt har utgifter til Via Ferrata, buss, camping og Tindesenteret.

Bruk påmeldingsknappen på denne nettsida. Påmelding innan torsdag 23.aug
Turleiarar er Asle Veien, Irene Befring og Jorunn Vågen.

Kontaktinformasjon:

  • Asle Veien
  • Tlf. 970 55 203