AVLYST: Lunde-Fjærland (Lundeskaret)

Fellestur

Dato
11. august kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er avlyst pga dårleg ver.

På denne turen skal vi gå ei av dei klassiske rutene over Jostedalsbreen, ei rute som har vore brukt i mange generasjonar og som er den kortaste overgangen over breen.

Vi reiser frå Esso-stasjonen i Førde klokka 07.00 og køyrer til Lunde i Jølster (inngangen til Fjærlandstunnelen). Nokre bilar køyrer vi gjennom tunnelen til Bøyadalen, for transport tilbake etter endt tur.

Avgang Lunde ca klokka 08.30. Vi går den mykje omtala stien opp Lundeskaret til Trollavatnet og vidare mot Marabreen. Vidare over breen til Kvitevardane og ned i Bøyadalen.

Turtid 8-10 timar.

For kryssing av breen kan det vere nødvendig med stegjarn/broddar.

For spørsmål vedrørande turen ring turleiar Kjell Kleiven på tlf 99242772.

Turen går berre i godt vêr.

Kontaktinformasjon:

  • Kjell Kleiven
  • Tlf. 992 42 772