AVLYST... Turen til Tverrådalskyrkja er avlyst pga. svært mykje vind.

Fellestur

Fra dato
27. juli kl. 08:00
Til dato
29. juli
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Slik var turen opphavleg tenkt:

Dette er ein tur med klatring, ikkje berre kliving. Berre dei som er vane med bratte fjell og har røynsle med klatring, kan vere med. Talet på deltakarar må vere svært avgrensa.

Tverrådalskyrkja (2088 m) ligg i Skjåk, sør for Sota sæter i Bråtådalen. Toppen er kjend for sitt store utsyn i klart vêr. Det går ei merka rute dit utan klatring, men vi skal gå opp ein bratt rygg frå nord. Før det siste og bratte, går vi over ei smal egg. Ned att følgjer vi allmannaruta mot aust og over ein bre attende til hytta.

Vi køyrer til Sota sæter, ei DNT-hytte med matservering. fredag ettermiddag og bur der til sundag, då det kanskje er rom for ein mindre tur til Tundradalskyrkja.

Deltakarane må sjølve ha med seg sitjesele, isøks, stegjarn og gode fjellsko. Den bratte turen går berre i godt vêr, utan regn. Men vi reiser til Sota fredag om vêret er nokolunde. Også normalvegen som alternativ er ein fin tur.

Turleiarar: Terje Jan Nes (påmelding 415 30 517) og Erik Solheim.

Kontaktinformasjon:

  • Terje Jan Nes
  • Tlf. 415 30 517