AVLYST: Skitur til Lodalskåpa

Fellestur

Dato
19. mai kl. 07:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer spesielt for
Voksne, Ungdom, Fjellsportinteresserte
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Sola og varmen har tært såpass mykje på snøen at turen må avlysast.

Ingen har hatt eit vondt ord å seie om Lodalskåpa, denne nunatakken som stram har stått der gjennom fleire titals istider med hovudet over breen. For tida er der 2083 høgdemeter frå toppen og ned til havet. 

Frå parkeringsplassen ved Bødalssetra er landet flatt eit par kilometer innover dalen. Så følgjer, med ei mindre avveksling, 1000 høgdemeter i bratt lende opp til Bohrsbreen. Etter den møter vi ein ny bakke, og nærmar oss Veslekåpa. Igjen står då det Slingsby etter turen i 1884 kalla ein halv times fin klyving.

Avreise frå Esso i Førde kl 07.00. Avgang frå Bødalssetra klokka 10.00. Påmelding til turleiar Erik Solheim på tlf 952 56 950.

Siste oppdatering måndag 14. mai: Med den varmen som meldingane varslar, er det usikkert om det er nok snø til å gjennomføre turen. For to dagar sidan var det berr mark opp til 700 moh.  Ei veke med varme kan fort ta 300-400 høgdemeter til. Turleiar var på Snønipa 13. mai, og snøen var svært blaut under nedkøyringa.  Å bere ski 500-600 høgdemeter opp frå Bødalssetra – og dalen inn til motbakkane startar, er kanskje i meste laget.  Berre i stor høgde har snøen brea seg, så fottur heile vegen trur eg er for tidleg. Turleiar synfarer 17. mai. Endeleg beskjed om kva som skjer kjem 18. mai, opplyser turleiar.

Turleiar er Erik Solheim.

Kontaktinformasjon:

  • Erik Solheim
  • Tlf. 952 56 950