Skitur til Grovabreen

Fellestur

Dato
29. mars kl. 09:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Breheimen med Jostedalsbreen (se kart)
Dette arrangementet er over!

Sidan skredvarselet er faregrad 3 for området vårt, Indre Fjordane, er det fleire som lurer på om det vert noko av Indre Sunnfjord turlag sin tur på Grovabreen Skjærtorsdag. Etter å ha vore på synfaring i dag ser vi ikkje noko grunn til å avlyse turen, men det kan bli endringar i vegval. Truleg vil vi unngå Fagredalen og heller ta same veg ned som opp – over Salsegga. Det er meldt særdeles fint vêr så kanskje tek vi turen heilt inn på brekulen i år.
Sidan det er litt sparsomt med parkeringplassar i Dvergsdalsdalen, er det fint om flest mogleg køyrer saman. Vi reiser frå Esso i Førde kl. 9 og startar frå parkeringa i Dvergsdalsdalen kl. 10.

PS. Sjølv om vi går i terreng som er trygt for skred, ynskjer vi at deltakarar tek med søkjestang, sendar/mottak og spade. Turlaget tek med ein del utstyr til dei som ikkje har sjølve.

 

Velkomne til ein tur i fantastisk flott Jølsternatur, turleiar Asle Veien ( 97055203 ).

 

 

Kanskje er det den vakre Jølsternaturen som trekkjer fleire titals deltakerar med på denne Skjærtorsdagturen, år etter år. Turen startar nemleg i den idylliske Dvergsdalen på 500 moh og det vert berre meir storslagent og vakkert etterkvart som ein jamnt og trutt vinn høgdemeter og får sjå vidare og meir av dei ville fjella som omkransar Jølstavatnet. Etter fire timar gange er vi komne til Salseggja med Vidunderdalsvatnet til venstre og om vi har flaks i år også, ein reinsflokk til høgre.

Men kanskje er det ikkje utsikta som lokkar. Kanskje er det fasinasjonen av å kome opp på breen, vel 1500 moh til dei store flatene og vite at under skia og snøen er det is, is og atter is. Det er ikkje alle år at turen går heilt inn til høgste punktet på breen. Breplatået er flatt og ein må ha høgdemålar for å vite at ein er på toppen og dessutan... nedrennet ventar.

Turen på Grovabreen vert avslutta med eit nedrenn som står i stil til namnet: Fagredalen!

Truleg er det den slake, lange breen som etterkvart møter den bratte brekanten som mest av alt motivere for bli med på denne turen i regi av Indre Sunnfjord Turlag. Her er det som regel, på grunn av breen, fin snø og rikeleg med plass til å kunne leike seg i sving etter sving etter sving. Vanlegvis brukar ein ca. 6 timar på turen,men det varierer sjølvsagt med føre og ver.

PS. Dei seinare åra har det nok vore mest vanleg med randonne eller telemark-utstyr på denne turen. Men det er fullt mogleg å gå den på vanlege fjellski. Langrennski vil eg ikkje anbefale.

Felles avreise frå Esso i Førde kl. 9 og skihytta i Dvergsdalsdalen  kl. 10.
Ta gjerne kontakt med turleiar, Asle Veien ( tlf. 97055203 ), om det er noko du lurer på.

Velkomen på tur!

Skitur til Grovabreen

Sidan skredvarselet er faregrad 3 for området vårt, Indre Fjordane, er det fleire som lurer på om det vert noko av Indre Sunnfjord turlag sin tur på Grovabreen Skjærtorsdag. Etter ...

Kontaktinformasjon:

  • Asle Veien
  • Tlf. 970 55 203