Rundtur til Kvamshesten og Lisjehesten

Fellestur

Dato
22. juli kl. 08:00
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Indre Sunnfjord Turlag planlegg denne dagen rundtur til Hestane. Vi startar frå Stølshaugane og går via Kårstadstølen til Kårstadskaret. Vi tek turen opp til Kvamshesten, via austeggja. Denne er bratt og luftig, men ingen problem med gode sko og om du ikkje har problem med høygdeskrekk. Kvamshesten, også kalla Storehesten, var tidlegare lite brukt som turmål, men etter ”Storehesten opp” og god merking til toppen tek fleire tusen tura opp til denne majestetiske topp kvar sommar.  I godt ver er utsikta frå toppen fantastisk frå havet i vest til mange kjente og kjære toppar og mange brear innan synsranda. 

Nedturen frå Kvamshesten vi første delen den merkta ruta, men etter kvart går vi mot foten av Lisjehesten. Vi planlegg bading i eit av dei mange småvatna oppe på foten av Lisjehesten.  

Er du fornøgd med ein topp denne dagen, kan t-merka rute følgjast i retur til Stølshaugane. Eg håper mange vil gå vidare til Lisjehesten, den er lite brukt som turmål, men har minst like fantastisk utsikt som storebror. Utsikta mot Kvamshesten vert utruleg når ein nett har gått der. Frå høgda av Lisjehesten flott utsikt nedover Førdefjorden og vestover, elles ser vi same toppar og brear som vi såg frå Kvamshesten. Heim frå Lisjehesten går vi bratt ned ei lita skår på nordsida av fjellet (her er lagt ut tau). Vi rundar foten av Lisjehesten går mot Yndestadstølen, på stølen kjem vi inn på den merkte T- ruta frå ”hav til bre”. Ruta her gjev oss eit flott tilbakeblikk mot dei toppane, vi har vitja denne dagen. Turen vidare går ned omkring Kvamsstølen, derfrå til Kårstadstølen og tilbake til bilane på Stølshaugane.  Forventa turtid ca 10 timar inkl. mat, drikke og badepausar.  

Fantastisk rundtur i logoen til Indre Sunnfjord Turlag. 

Turleiar er Lisbeth Sommer.

Avreise frå Esso i Førde klokka 08. Avgang frå Stølshaugane ca klokka 08.45.

Kontaktinformasjon:

  • Lisbeth Sommer
  • Tlf. 951 06 030