Tindefjellet

Fellestur

Dato
23. juni kl. 08:30
Vanskelighetsgrad
Krevende  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag

På sjølvaste jonsokafta passar det ekstra godt å gå på Tindefjellet i Jølster. Her får vi blant anna utsikt mot Sandalsstrand, som er heimtraktene til målaren Nikolai Astrup. På dag som dette kan det vere fint å skue over Jølster o Jølsyravatnet som gav kunstnaren inspirasjon til sine motiv der jonsokbålet ofte er sentralt. 

Vi startar turen i Svidalen der vi får den jamnaste og beste oppstiginga på baksida av fjellet. I starten går vi på skogsveg opp frå Svidalen mot  Svidalsstøylane. Mange av støylshusa på Svidalsstøylane er godt haldne ved like, og gir ei flott råme på starten av turen mot toppen. Frå støylane går vi vidare i kupert og flott fjellterreng opp mot ryggen der vi kjem inn på stien som kjem frå Vassenden/Årseth. På toppen ventar ein flott og majestetisk varde, samt ei formidabel utsikt i aust over Jølstravatnet og innover fjella mot Jostedalsbreen.  Tilsvarande flott utsikt over Vassenden og Jølstravatnet på veg ned att. Nedstigninga er noko brattare og kortare enn vegen vi går opp. Om du vil sjå bilete, lese meir om turen og studere GPS- spor før turen kan du gjere det på denne nettsida: https://www.ut.no/tur/2.17840/ . Ved dårleg vær og tett skodde kan turen bli endra til at vi går ein kortare tur, t.d. til den vesle fortoppen til Tindefjellet, Gravsfjellet. 

Vi startar turen med oppmøte på Esso i Førde kl 08.30. Vi samlar oss i bilane og køyrer til Vassenden. Her møter vi turleiar på parkeringsplassen ved brua over Jølstra på Vassenden. Her fordeler vi oss på nytt i bilane. Vi set att nokre bilar på Vassenden slik at vi har bilar å frakte sjåførane attende til Svidalen igjen når turen over Tindefjellet er ferdig. I Svidalen er det god parkeringsplass på Toppturparkeringa. Vi går frå Svidalen klokka 09.

Kontaktinformasjon:

  • Anne Cecilie Kapstad
  • Tlf. 992 02 656