Kalvedalshytta i Nordhordland

Fellestur

Fra dato
26. mai kl. 08:00
Til dato
27. mai
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet har allerede startet!

Helga 26. til 27. mai inviterer Indre Sunnfjord Turlag til tur i Nordhordland. Vi går til Kalvedalshytta i Lindås kommune.

Oppmøte og avreise fra Esso Førde kl 0845 i privatbilar.

Turleiar møter i Romarheimsdalen, ved avkøyrsla fra E39 til Stussdal kl 1100.

Vi parkerer i Stussdal og går turen vestover til Kalvedalshytta. Vi reknar ca 3 timar på denne turen.

Søndag går vi vidare frå Kalvedalshytta og til Andvik i Masfjorden, ein tur på ca 5 timar.

Vi organiserer transport tilbake til bilane.

Det har kome mykje snø i vinter, men vi håper mestedelen av snøen er vekk til slutten av mai.

Beslutning om evt omlegging av ruta får de beskjed om ved påmelding, eitt alternativ kan då vere å gå fram og tilbake same vegen.

Påmelding til turleiar Geir Andvik innan kl 2000 onsdag 23. mai på tlf 99530156.

Vi har plass til 10 turdeltakarar + dei to turleiarane.

Ta gjerne kontakt i forkant om de har spørsmål.

Ta med sovepose/lakenpose eller sengetøy for overnatting.

Turavgift kr 550,- for medlemer og kr 650,- for ikkje-medlemer, som inkluderer overnatting og mat på hytta. Betaling ved påmelding på VIPPS til 88239 (Indre Sunnfjord Turlag). 

Kontaktinformasjon:

  • Geir Andvik
  • Tlf. 995 30 156