AVLYST: Bygstad-Massbu-Nipebu-Stongfjorden 

Fellestur

Fra dato
19. mai kl. 09:00
Til dato
20. mai
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Dette arrangementet er over!

Turen er avlyst pga for få påmelde.

Ein av dei flottaste turane vi kan gå her i distriktet er å ta turen vestover frå Sele i Bygstad og via turlagshyttene Massbu og Nipebu til Stongfjorden. Gjennom eit fantastisk turterreng har vi strålande utsikt. Spesielt til Dalsfjorden og bygdelaga i kring.  

Avgang frå Esso i Førde kl 09.00 lørdag 19. mai. Påmelding til turleiar Anita Rennestraum på tlf 932 01 688 innan onsdag 16. mai kl 18.00. Det er avgrensa tal deltakarar på grunn av overnattingskapasiteten på Nipebu.

På god sti følgjer vi elva opp til Bergsvatnet. Deretter går vi den flate Bergsheia vestover. Her med nydeleg utsikt til Bygstad, Bjørvikstranda og Dalsfjorden. Vi går så ned skaret sør om Skålefjellet, passerer nord om Hestadstølen og til Standnesstølen. Her med utsikt til Blegja og Heilevangstaurane i nord. Så går vi nord om Steinheia og over brua på Gryvla. Ei sideelv til Storelva som renn ut i Laukelandsfossen i Dalsfjorden. Eit stykke lenger vest kjem vi til Massbu.  

Frå Massbu går vi så vidare opp lia og til skaret mellom Nordre Kringla og Yksnefjellet. No på DNT-merka sti. Vi held fram nord om Botnatjerna og ned lia nord om Øvre Fossedalen. Deretter over kloppa i sørenden av Krokavatnet og opp på Pergytten. No har vi flott utsikt til Øvre Fossedalen og Fossedalsvatnet. I sør ser vi elles Kringla og Heileberget. Litt lenger vest når vi Langevatnet og Nipebu. Det blir felles middag og overnatting på den flotte turlagshytta.  

Dagen etter held vi fram på sørsida av Langevatnet, følgjer den merka ruta over Stølsfjellet og sør om Vardeheia. Ved Røyrbotnholten litt lenger vest ser vi både Førdefjorden og til Rivedal ved Dalsfjorden. Så går vi over Smørskornova til Siklabergvatnet og opp lia til Mannskaret. Her med flott utsikt til Holmedal, Straumsnes og Moldura. På toppen av Mannskaret ved Svarthamrane går vi så beint ned Gjerdedalen til Stongfjorden i nord.  Med utsikta til havs og øyriket rundt Florø.  

Tidsbruk: 

Dag 1 frå Sele i Bygstad til Nipebu 7-8 timar 

Dag 2 frå Nipebu til Stongfjorden 7 timar 

På grunn av at det framleis er ein del snø nokre stader på ruta, er det lurt med gamasjar og grei form. Dette er ingen krevjande tur med tanke på høgdemeter, men den er likevel krevjande fordi den er lang. Mykje snøsmelting og myrar som må kryssast gjer det kan vere vått å gå ein del stader.

Kontaktinformasjon:

  • Anita Rennestraum
  • Tlf. 932 01 688