NY DATO: Langs veglause grender frå Ortnevik til Sylvarnes

Fellestur

Dato
27. mai kl. 06:30
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer for
Alle
Arrangør
Indre Sunnfjord Turlag
Turområde
Stølsheimen, Bergsdalen og Vossefjellene (se kart)
Dette arrangementet er over!

Fottur langs veglause grender i Sogn. Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Sylvarnes i Vik kommune. Lengd ca 10 kilometer. Dette er ein middels lett tur, men du må vere i stand til og motivert for å gå ein minst fem timar lang tur i roleg tempo.

Vi vil stoppe ved nokre av dei ni bruka vi er innom. Dei fleste bruka er nedlagde, men mange av husa og tuna er godt vedlikehaldne. Berre på Sylvarnes er det fastbuande. Dette er såleis ei kulturhistorisk vandring langs veglause grender. Dette er elles ein flott tur i storslått natur.

Tilbake tek vi rutebåten frå Sylvarnes til Ortnevik og Nordeide. Retur via Vik er mogeleg då vi er framme så tidleg at vi også rekk austgåande avgang. Vel du dette alternativet framfor å sitje i solveggen ved turisthytta på Sylvarnes får du også med deg ein flott båttur endå lenger innover Sognefjorden.

Ingen turavgift, men deltakarane betalar sjølve transport og billettar på buss, båt og ferje.

Turen går i samarbeid med Balestrand og Høyanger Turlag og Os Turlag. 

Turen var opphaveleg oppsett 13. mai, men er altså utsett til søndag 27. mai.

Påmelding til Roy Raasholm Fauske på tlf 970 55 206 eller turleiar frå Indre Sunnfjord Turlag Heidi Ødemark på tlf 980 32 513 innan torsdag 24. mai.

Avreise frå Esso i Førde kl 06.30. Vi køyrer i privatbilar til Nordeide, der det er sett opp buss til Ortnevik, via Lavik-Oppedal. Bussturen kostar 300 kroner per person for vaksne og 150 kroner for born under 16 år. Betaling kontant eller via Vipps ved avreise får Nordeide.

Det er sjølvsagt høve til å køyre med eigen bil uavhengig av fellestransporten.

Ferjeavgang kl 08.30 frå Lavik. Avgang frå Ortnevik kyrkje kl 10.00.

Tilbake i Ortnevik tek dei som ikkje har bil ståande i Ortnevik båten direkte over Sognefjorden til Nordeide, der bilane står parkert. Tek du bussen på morgonkvisten slepp du altså heimreise via Oppedal, og dermed sparer du nærare to timar i bil om du skal til Førde/Sunnfjord/Høyanger/Balestrand.

Rutebåten frå Ortnevik til Noreide har plass til nokre få privatbilar, men då må du sjølv reservere på førehand direkte til båten.

Her kan du sjå, og høyre, fotograf Alf Vidar Snæland si oppleving av søndagens tur mellom Ortnevik og Sylvarnes 6. juni 2016

NY DATO: Langs veglause grender frå Ortnevik til Sylvarnes

Fottur langs veglause grender i Sogn. Turen startar i Ortnevik på Høyanger sørside og går på kupert sti av variabel kvalitet langs Sognefjorden til Sylvarnes i Vik kommune. Lengd ca ...

Kontaktinformasjon:

  • Roy Raasholm Fauske og Heidi Anne Brekkhus Ødemark
  • Tlf. 970 55 206 eller 980 32 513